Side 1 2 3

Lærar og skuleinspektør.

Store forandringar i skulen.

Leik og moro.

Skulevegen.

Frå skule i private hus til moderne skulebygging.

Skikk og bruk i heimen.

Kyrkjegang.

Preiketekstar og salmesang i heime.

Helg og høgtid.

Gardsdrift.

Båtbygging.

Klær og moter.



Gardsdrift.

- Ja no er vi akkurat på den tida at folk driver med håslåtten. Eg ser det at disse svære maskinene, forhaustarane, dei fer over markene og det går som en røyk å få inn nokre lass hå inn i siloen. Men eg går ut i frå at i din barne- og ungdomstid så gjekk det ein del seinare med slåtten, enn kva det gjer i dag? Kan du fortelje litt om det, Abraham?

- Ja, det var forskjell på det ja. For då begynte en gjerne å slå i kring fyrste juli eller noko slikt, og arbeide med dette heile juli og august. Men vi hadde ikkje dei reiskapane då til å slå med, som en har i dag. Så som var nemnt her med forhaustar, maskiner, traktor og greier. Då var det langorven og stuttorven som var vanlege reiskapar til å slå med. Så var det heller ikkje siloar heller då. Då var det til å tørke høyet i hesja eller breie det utover marka. Det var ofte eit tungt arbeid dette med hesjing. Det var no gjerne kvinnene som måtte ha det arbeidet, til å hesje. Det var trøttande mange gonger med lange hesjar.

- Når det gjaldt vidare med åkrane så var det vel og litt andre måtar å drive det på enn kva en gjere no?

- Ja då, der hadde en ikkje dei reiskapane som en har i dag. Dei vanlege reiskapane som vi hadde då var spade, greip og grev, som en hadde til å hjelpe seg med. I alle fall på dei små bruka då. Det kan no være at dei store bruka hadde ei slåmaskin, ein plog og ei harv, kanskje, som hesten då drog. Men på dei små bruka var det berre dette med handmakt.

- Det dykk dyrka det var korn og poteter, eller var det enda meir kanskje?

- Det var no hovudsakleg korn, poteter og så kunne det være kålrabi. Men noko mykje grønsaker det var det ikkje så mykje av i den tida. Det er no i den seinare tid det er no komet til det.

 

 

- Arbeidsdagen den kunne være lang, kan eg tenkje meg?

- Ja då, den var lang dag. Det var ikkje 8 timars dag då. Dei kunne være oppe i, minst i seks tida, og begynne arbeide og holt på gjerne utover til klokka ni, ti om kvelden, før dei var ferdige. Så det var lang arbeidsdag.

- Men på den tida så måtte dykk ha en del måltider?

- Ja, det var no vel ikkje så mykje meir enn fire måltider. Det var frukost, somme tider ein etter frukost, sånn i ti tida: Dei kom ut på jordet med ei skål graut og mjølk, kanskje, til dei som var ute og slo. Elles så var det då middag i tolv tida, ein kvilte gjerne middag då ein times tid. Så var det oppatte då og snu høyet. Når kvelden kom var det til rake det sammen, det som skulle takast inn. Tørrhøy, det vart no teke fyrst, og så var det då det som var slege om dagen, råhøyet, eller såtehøy. Det vart rakt sammen til såter.

- Og så var det kveldsmat, og det var no gjerne havregraut.

- Sunn og god mat?

- Ja, det var saktens, sunn og god mat, havregraut.

- Og elles, kunstgjødsel. I våre dagar så er det enormt bruk av kunstgjødsel på gardane, rundt om. Korleis var det då?

- Nei, i min fyrste barndomstid så var det no ikkje snakk om kunstgjødsel. Det var bare husdyrgjødsel som en hadde til å ha på.

- Kraftfor da?

- Kraftfor var det svært lite av. Dei brukte gjerne å legge høy opp i ei bytte å ha heit vatten på, så hadde dei kanskje lite granne mjøl på det. Men elles var det lite kraftfor kjøpt inn.

 

Båtbygging.

- Elles så veit eg det at der borte i din barndomsbygd, Steinhovden, så dreiv dykk med båtbygging attåt gardsdrifta. Kor store båtar var det dei brukte å bygge der borte?

- Ja, eg kan no nemne Bertil Steinhovden, som var ætta frå Aa i Hyen. Han begynte tidleg å bygge båtar , og bygde nokså mange, borti 100 båtar: Store og små, som han bygde i sin tid.

- Det var ikkje nokon maskiner dei hadde til å hjelpe seg med til det. Det var no fyrst og fremst øks og høvel. Eg hugsar det at dei hadde ein to manns høvel, som dei sat på borda, drog og skrudde på, høvla borda til båten. Så hadde dei ei sag som dei skulle for eksempel kløyve nokre stokkar til esingar i båten. Då stod det ein oppe på lemmen og ein nede på golvet og drog i denne saga, opp og ned. Og såleis fekk dei då til dette som dei burde ha fått på ei sirkelsag, men det var gjort heime. Så det var mykje tungarbeid med dette båtarbeid.

- Og så var det råd til å klinke saumane. Der var det gjerne slik at en hadde en gutunge til å halde på saumen ute, og så stod ein med to hammare og slo på saumen inne, og klinka.

- Elles så hugsar eg også at dei laga seg sånn sjølvhaldar, som det var kalla, som en kunne sette fast på bordet, med ein hammar ute. Då stod en då og klinka, uten å ha nokon til å halde på saumen.

- Kva slags materialet var det dei brukte til båtane?

- Ja, det var nå bord som en måtte ha fått saga på eit sagbruk. Til båtbord måtte det være nokon bogne bord, måtte være slike furer som var bogne. Dei ville helst ikkje hogge borda bogne, men dei ville ha dei bogne ifrå furua. Tjukkelsen på dei var vel en sånn tre kvart tomme tjukt, og bredda kunne være noko forskjellig: På ein ti tommar eller noko slekt noko kanskje. Det var no tommemål då, ikkje cm.

 

 

- Kor var det dei helt seg henne, når dei dreiv og bygde båtar?

- Han Bertil hadde sett opp eit stort naust, som han bygde båtane i. Så var det no ofte vanskeleg å få dei på sjøen, få dei ut. Han måtte ha ei talje som han sette fast ein plass og talja den ut på den måten.

- Når han Bertil ikkje bygde båtar lenger så var det gjerne to av sønnane hans som helt fram med båtbygging ei tid. Kor mange dei bygde, kan eg ikkje hugse nå, men det var no ein del ja.

- Og båtane var det ikkje vanskeleg å få avsetning på?

- Nei, dei gjekk unna. Dei var tinga opp på førehand. Det var no særleg haust og vinter ein arbeide med denne båtbygginga.

- Ein del båtar vart no berre reparerte. Somme vart saga av på midten og så forlenga: Sette inn då nye bord og gjorde båten lenger. Nokre kunne det være at dei bygde på eit omfar, og måtte då taka av overbygningen, esingane og slikt noko, for å sette på eit nytt omfar med bord, nye esingar oppå.

- Vart dei sende lang veg? Var det folk i frå forskjellige delar av landet som kjøpte, eller var det rundt om her i Bru, her i Flora?

- Det var no i kommunane rundt her: Florø, Kinn, Eikefjord, Bru og Vevring, kan eg hugse. Og kanskje også Bremanger, var det ein del som kjøpte båtar.

- Det var i grunn litt av ein kunst, dette her, å bygge båtar. Det var vel ikkje så mange eigentleg som dreiv med det, skulle eg tru?

- Eg trur at, faren eller bestefaren til Bertil Steinhovden, som kom i frå Hyen, han hadde kanskje noko av dette der inne i frå. Han skulle hette Aa og ikkje Steinhovden.

- - Ja, vi har jo båtbyggeri i Hyen i dag med navnet Aa, så det skulle vel ikkje være så urimeleg.

 

Klær og motar.

- Ja, no for tida så er det med motar veldig viktig for mange. Det skifter i frå tid til tid, i frå år til år. Eg bare lurer på korleis det var på den tida da du var barn og ungdom, Abraham?

- Noko motar var det nok ikkje snakk om då. Det var ei viss form dei hadde, både på kvinne- og mannsklær. Dei var no gjerne heimelaga, alle disse klærne. Om vinteren så spann kvinnene ulla dei hadde, fekk seg trå, og så var det til å veve dette, vov det. Det var kalla for vadmål. Etter på at dei hadde vove det, så skulle dei stampe det. Somme stader var det vist ei sånn stampe, på ein plass. Men elles kunne dei berre ha det i ein stamp og stampe det slik med føtene.

 

 

- Det hende seg vel også at dei fleste sydde disse klærne sjølve, både til mann og til kvinne. Eg hugsar disse kvinneskjørta dei var voldsomt side, dei rakk heilt i golvet, slik at når dei skulle gå ute så måtte dei lyfte opp skjørtet, for at det ikkje skulle bli vått og skite.

- Når det gjaldt fargar, var det noko spesielt du kan sei om fargane dei brukte på kleda sine?

- Ja, eg trur no det at det meste gjekk på grå farge, og kanskje svart. Eg kan ikkje hugse at det var så mykje variasjonar på det. Eg hugsar no at vi gutane gjekk i grå vadmelsklede, i alle fall til at vi skulle konfirmerast. Og kvinnene hadde då helst svarte skjørt og svarte trøyer.