|
Side 2 |
Alexander Kielland (1849 - 1906) |
|||
|
|
||||
|
Genreforklaring
Forfattarar i Sogn og Fjordane
|
Sjølv om vi i våre dagar er stolte av del verdskjende forfattarane våre, vart dei ikkje alltid like godt mottekne i samtida. Dette galdt også Alexander Kielland. Kielland skreiv mange bøker på kort tid, og bøkene hans vekte mykje oppstyr. Han gjekk - som del andre forfattarane i realismen til åtak på det han fann gale og urettvist, og tok alltid parti for del små i samfunnet, dei som vart undertrykte. Difor vart bøkene hans dårleg mottekne av del mektige. Del bøkene han er mest kjend for er "Garman & Worse" og "Skipper Worse". I "Garman & Worse" skildrar han to ulike miljø. På den eine sida det rike kjøpmanns- og embedsmannsmiljøet på Sandsgard, på den andre sida fattigfolks liv i "West End". Han kritiserer også kyrkje og presteskap fordi dei her stiller seg på del mektige si side. Medan det i "Garman & Worse" er det etablerte presteskapet som får gjennomgå, går Kielland I "Skipper Worse" til angrep på vanlege menneske som bruker kristendommen til å undertrykkje andre. |
Maktmisbruk og trongsynt kristendom øydelegg her livet til mellom andre den unge og vakre Sara som blir tvungen til å gifte seg med den mykje eldre Worse. Angrep på maktmisbruk og hykleri av alle slag går igjen i bøkene hans, og han viser sympati med dei som prøver å gjere opprør mot "systemet". Slike opprør lukkast sjeldan i bøkene til Kielland. I romanserien "Gift", "Fortuna" og "St. Hans fest" er Abraham Løvdahl hovudpersonen. I "Gift" prøver Kielland å vise korleis oppdragelsen og skulesystemet på den tida var "gift" for eit ungt menneske. Abraham vil t.d. ikkje konfirmere seg, men blir tvungen til dette av faren. Viktigare enn å vere ærleg mot seg sjølv blir omsynet til "kva folk vil seie". I "Fortuna" og "St. Hans fest" får vi høyre meir om Abraham, om korleis han "tilpassar seg" ein råtten forretningsmoral, svingar seg opp og blir ein framgangsrik forretningsmann, ofte på andre sin bekostning. Kielland sine bøker er lettlesne, ein er aldri i tvil om kva han meiner. Han slår ofte på stortromma og overdriv gjerne litt for å få fram kva han me iner, og for å få folk til å sjå urett og hykleri rundt seg i samfunnet.
|
||
|
|
||||
|
Oppgåver: 1. Utifrå utdraget av "Gift", prøv å gje ei skildring av skulen på den tida. 2. Lag eit intervju med ein eldre person om korleis skulen var då vedk. var ung. Du kan t.d. spørje om kva slags fag del hadde, korleis undervisninga var lagt opp, korleis læraren be-handla elevane, korleis elevane behandla læraren, kva disiplin metodar som blei brukte osb. 3. Lag eit intervju med Alex. Kielland, der du prøver å få fram kva han var opp teken av i bøkene sine. 4. Meiner nu at noko av det Kielland skreiv har aktualitet idag? |
||||
|
|
||||
|
|
Ressurser på nettet om Kielland:
|
|||
|
|
||||