Vinter

Vår

Sommar

Haust

 

Større bilete, klikk på det!

1a.jpg (13573 byte)

Vinteren er den årstida naturen "kviler". Tre og busker har trekt næringa si godt inn i stammane og røtene. Lauvtrea står nakne medan bartrea beheld nålene sine. Biletet er teke frå Stortåsen mot' nordaust. Vi ser Likkjevatnet islagt og lerketrea ved Likkjeåsen står utan nåler. I bakgrunnen Storevatn - Tua og Brandsøyåsen. 

2a.jpg (47719 byte) Området på nordsida av Likkjevatnområdet er svært frodig, men om vinteren ligg det aude. Berre bartrea er grøne.
3a.jpg (47975 byte) Gras og siv har lagra sitt liv i røtene, og svartora står nake med røtene ute i det kalde isvatnet.
4a.jpg (43770 byte)
5a.jpg (27063 byte) Dei store lerketrea vestover mot den gamle pumpestasjonen er fram mot 100 år gamle.Lerka er einaste bartreet som feil alle nålene om vinteren.
6a.jpg (40794 byte) Austenden av Likkjevatnet oppdemd 2 gonger. Andre gongen var i 1930-åra. Frå Likkjevatnet vart vatnet pumpa opp i bassenget på Storåsen, og derfrå rann det fram til husa. No får vi vatn frå Saga.
7a.jpg (49335 byte)
8a.jpg (28326 byte) Før oppdemminga i 1930-åra gjekk vegen langs vatnet lavare enn ro, og rasteplassane var under iskanten her ein stad.
9a.jpg (23775 byte) Sørsida av Likkjevatnet er i bruk til skytebane. Her ligg snø og frost lenge utover våren før sola får tak.
10a.jpg (35785 byte) I nord-aust, oppunder Trovikhusa, veks svære bøketre.
11a.jpg (17507 byte) Dei brune blada på bøka heng ofre godt rast og dett av først om våren når dei nye blada kjem.
12a.jpg (29285 byte) Bøka breier seg også ved Likkjevatnet og der den finn lys nok veks det opp nye tre.
13a.jpg (26625 byte) Storevatnet sett trå foten av Likkjeåsen. vest og nord er det bebyggelse ned gras og busker ned mot vatnet. På sørsida veks skogen ned til vassflata. Isen på Storevatnet har vore nytta til skøyteis framover åra. Om kveldane i mørkret lagde ein faklar av del tørre aksa langs land og gjekk i fakkeltog på skøyter over isen.
14a.jpg (31741 byte) Vestenden av Storevatnet ein seinvinterdag. Barfrosten om vinteren er vanleg i Florø. Ein dag regnar snøen vekk, og neste dag frys det på att. Dette øydelegg ofte husker og tre, spesielt i parkar og hagar.
15a.jpg (29069 byte)
16a.jpg (30020 byte) Austenden av Storevatnet er svært næringsrik. Mykje næring blir ført mot utlaupet av vatnet her og gjev grunnlag for rikt planteliv. Vi kan sjå det visne "fakkelgraset" - som eigentleg heiter takrøyr.
17a.jpg (28863 byte)
18a.jpg (27886 byte) I Soldalen finn vi ein av dei få gardane som er i drift på Florølandet.
19a.jpg (28893 byte) Om vinteren ligg markene brune og livlause. Berre på snødagar er det liv der. Då ter mange på ski i dei fine bakkane. I Soldalen dyrkar dei blomar i veksthus heile vinteren. I veksthuset lagar dei sommar ved hjelp av oljefyrte omnar.Skogen kring Soldalen er planta furuskog. Her finn vi og den vakre røvarhillaran som for Florøfolk har vore ein nytta turstad.
21a.jpg (21906 byte) Frå flyplassen og vestover mot Ausa er det fururabbar og myr.
22a.jpg (33271 byte) Sørsida av flyplassen er svaberg, medan austsida er garden Sørstrand.Dei tørre røsslyngmarkene ligg mellom desse områda.
23a.jpg (31512 byte)
24a.jpg (21791 byte) Brandsøyåsen er og gamalt turområde for Florøfolk om vinteren. Løypa er opp frå Nybømarka. Den dominerande furuskogen veks heilt opp mot første "toppen" og er grøn og fin heile vinteren. Langt vest ser vi Skorpa, Likkje-Batalden og Batalden.
25a.jpg (40723 byte) Parken rundt kyrkja er ein meir høgtidsam del av landskapet i Florø. Dei store lauvtrea i parken står nakne og ventar på våren. Prydbusker og plant ar dekket gartnarane med greinar av gran til vern mot frosten.
26a.jpg (37542 byte)
27a.jpg (30774 byte)
Tilbake til side 1