Vinter

Vår

Sommar

Haust

 

I slutten av mars og framover april og mai har sollyset auka. Dagane blir lengre og temperaturen Lek til å stige. Plantane byrjar å livne til og næringa siv på nytt opp frå røtene.

 

Større bilete, klikk på det!

28a.jpg (19504 byte)

Rundt Likkjevatnet er alt blitt mykje frodigare. Lerketrea og lauvtrea har fått blad.

 

29a.jpg (29773 byte) Endå med lauv på trea ut i mai, er ikkje temperaturen i Likkjevatnet særleg høg. Planteutviklinga i vatnet ligg enno etter trea.
30a.jpg (33978 byte) Svartora står med røtene ute i Likkjevatnet og kjem noko seinare i gang med spiringa enn dei andre. 
31a.jpg (20967 byte) Trea ut mot gamlepumpa har næring i stammane og rot om vinteren. Det er mindre arbeid å få den ut til blada enn for graset som må lage ny stilk. 
32a.jpg (33929 byte) Vi ser det same inne ved demninga og langs bredda. Graset er enno ikkje i vekst, medan trea har fått blad.
33a.jpg (33592 byte)
34a.jpg (20579 byte) Ved skytebana er det lite sol langt ut i mai. Her er plante- livet enno seinare enn langs vegen.
35a.jpg (30769 byte) Bøketrea ved Trovik har så vidt fått bladverk. Mykje lys slepp ned på bakken før blada kjem, og gjev godt grunnlag for kvitveisblomstringa. Denne er over når trea får blad.
36a.jpg (40510 byte) Småbøkene langs vatnet står enno tørre, men det er ikkje lenge før blada kjem her og.
37a.jpg (28012 byte) I hagane og innover ved Storevatnet gjev lauvet ein fin grønfarge når det sprett ut.
38a.jpg (32055 byte) Vi ser at vegetasjonen i vatnet er seinare enn på land.
39a.jpg (22046 byte) I austenden av Storevatnet, der kor isen låg tjukk for litt sidan, blir vatnet fortare oppvarma enn lenger ute. Dette er fordi her er grunt og lite straum. Barna er snare å hive av seg og nytte den fine badevika.
40a.jpg (33500 byte) Plantane i utløpet er og godt i gang med spiring.
41a.jpg (24327 byte) Også nedover den stille elva spirer det godt no. Vatnet renn ikkje og blir lett oppvarma.
42a.jpg (20704 byte) I Soldalen spirer alt graset og fjordårsgraset vert liggjande langs bakken og blir omdanna til jord. Innmarka blir gjødsla og kjem snart i gang med voksteren fordi gjødselen inneheld mange næringsstoff som graset treng.
43a.jpg (23742 byte)
45a.jpg (15399 byte) Utmarka ved flyplasser har ikkje fått gjødsel og er ikkje komen så langt som marka i Soldalen.
46a.jpg (20362 byte) Røsslyng har vi mykje av. Den har enno 4 månader att før den blomstrar i slutten av august.
47a.jpg (10647 byte)
48a.jpg (41886 byte) Ved kyrkja vert plantane stelt og gjødsla, og sjølv om parken her ligg i skuggen av Likkjeåsen, kjem blomar og busker tidleg ein våren.
49a.jpg (33341 byte)
50a.jpg (37397 byte)
Tilbake til side 1