Side 1 2

Snorreankeret på Kystmuseet.

Oljenasjonen Noreg, historikk og utvikling.

Om olje.

Leiting og boring.

Oljeverksemda og miljøet.

Tryggleik i oljeverksemda.

Kva får vi olje og gass av?

Snorreplattforma ein tettstad 150 km vest i havet.

Florøbasen.

Ordliste.

 



Kva får vi olje og gass av?

Råolje er sett saman av mange ulike stoff. Før vi kan bruke oljen, må vi dele han opp i del ulike delstoffa. Dette kallar vi raffinering. Alle delstoffa har ulike kokepunkt. Dette nyttar vi i ein destilleringsprosess for å skilje del i sju ulike hovudkomponentar: gass, nafta, parafin, lett gassolje, tung gassolje, tung fyringsolje og asfalt. Olje og gass vert nytta til mange ulike ting, alt frå asfalt til medisin. Mesteparten av olje vert nytta til drivstoff for bil, båt og fly og til oppvarming. Ein del olje går og til smøringsmiddel og kjemikaliar til jordbruket og farmasøytisk industri. 

  Tørr naturgass vert for det meste nytta som energikjelde eller i produksjonen av ulike kjemikaliar. Våt naturgass vert mest nytta som råstoff i petrokjemisk industri. Nokre av produkta er plast, bildekk, kunstgjødsel, nylon, akryl og andre syntetiske fiber, vaskemiddel, lim, lakk, maling og medisin. 
Plansjen viser råstoff som vert danna i raffinering av olje og gass og kva område desse stoffa vert nytta på.

Spørsmål:

1. Sjå på kleda og fottyet du har på deg og sjå i skuleveska di, Nemn del tinga som er laga av olje/gass.

2. Kva anna vert laga av olje/gass?

3. Kva vert mesteparten av olje og gass nytta til?

Snorreplattformen ein tettstad 150 km vest i havet.

Snorre-plattformen skal vere arbeidsplass, bustad og rekreasjonsstad for 180 menneske. Her arbeider mange folk innan ulike yrkesgrupper, alt fra ingeniørar til sjukepleiarar. Dei tilsette arbeider ombord to veker, har tre veker fri - arbeider to veker, har fire veker fri, osv. Skifta er 12 timar lange, og arbeidet pågår 24 timar i døgnet, året rundt. Bustadkvarteret har 140 enkle lugarar og 40 doble lugarar som alle er utstyrte med radio, TV, dusj og toalett. 

  Matsalen kan servere 100 personar på same tid, og det er rikeleg med opphaldsrom til avislesing og sosialt samvær. Bustadkvarteret har og godt med utstyr for allsidig fysisk trening. Det finst gymsal, tredemøller, bordtennisbord, sauna og solarium. Plattformen har ein velferdskomite som arrangerer hobbyaktivitetar og sosiale ting. Det er og lagt vekt på kunstnerisk utsmykking ombord. 

Spørsmål:

1. Kor ligg Snorre-plattformen?
2. Kor mange personar arbeider samstundes på plattformen?
3. Kvifor trur du plattformen er utstyrt med gymsal?

Florøbasen.

På Botnaneset i Florø ligg oljebasen Fjord Base. Fjord Base er ein service- og forsyningsbase for oljeretta verksemd i Nordsjøen. På basen var det i 1992 etablert 45 verksemder som skulle gje tenester til oljefelta Statfjord, Gullfaks, Veslefrikk og Snorre. På basen finn vi selskap med tenester innan m.a. røyrhandsaming, mekanisk industri, elektronikk, skipshandel, boreslam, brønnsementering, spesialavfall, fortolling/transport, containerutleige, sandblåsing og maling. Statoil har lagt forpleiingstenesta si til Fjord base. 

  Dette gjev lokalsamfunnet inntekter på over 100 millionar kroner pr. år. Saga sin Florøbase har 56 tilsette. Dei har ansvaret for all forsyning til Snorre-plattformen. Dagleg går forsyningsbåtar frå Florø til Snorre. Saga sin Florøbase har og ansvaret for all helikoptertransport til og frå Snorre. 
Florøbasen 
1. Kvifor er Fjord Base viktig for lokalsamfunnet?
2. Kva for oppgåver har Saga sin Florøbase?


Fjordbase på Botnaneset

Ordliste over ord som er knytt til oljeverksemd og utstillinga "Snorreankeret"

 

Ord forklaring
borekrone nedste del av boret
boreslam (mud) blanding av leire, kjemikaliar, olje og vatn
borestreng stålstreng kor borekrona er festa
botnramme stor maskin som borer brønnar og fyller i vatn når oljen er tatt opp
djupvassteknologi oljeverksend på djupt vatn
evakuere forlate t.d. ein plattform som held på å kantre
fjord-base servicebase som forsyner Snorre med alt den treng
fluvial avleiring frå rennande vatn, t.d. elvar
generasjonar slektsledd, her: maskinar/utstyr som stadig vert forbetra
geologi lære om korleis jorda er samansett
geologisk periode ulike tider i historia, døme: trias og jura
HRS hovudredningssentralen på sola
Helikopterservice selskap som flyr oljearbeidarane ut i nordsjøen
hydraulisk ein maskin som vert driven med vasketrykk
kakse småstein, grus som boret produserer
maksimum bølgehøgde høgste tenkelege bølgje ca. 34-35 m.
manifoil fordelar.
oljeprodukt noko som er laga av olje
operatør det selskapet som har ansvaret for oljeutvinning på eit felt
offshore oljeverksemd på havet
onshore oljeverksemd på land
petroleum samleord for olje og gass
petroleumsverksemd aktivitet knytt til oljebransjen
pick up båt beredskapsbåt
pontong flyteelement med holrom
raffineri industri der ein reinsar olje
redningspølse evakueringsredskap. kor ein sklir ned i ei nettingspølse frå dekket på plattformen
reservoar lager
Saga petroleum oljeselskapet som er operatør på "Snorre"
scenario utsikt
Snorreankeret utstilling i florø. oppkalla etter ankeret til snorreplattformen på snorrefeltet
Snorrefeltet område i nordsjøen 55 minutt med helikopter vest for florø
Superpuma helikoptermerket
supplybåt forsyningsfarty
strekkstagsplattform plattform som er festa til botnen med lange rør
TLP tension legplattform

 

TIL LÆRAREN

Dette heftet kan vere eit sjølvstendig undervisningsopplegg på Kystmuseet på ca. 1/2 dag.
(Hugs å avtale tid med Kystmuseet på førehand)

Då kan ein t.d. starte med ein omvisning på utstillinga, kor læraren eller ein av museet sine tilsette er omvisar. Elevane kan så arbeide med "Spørsmål til utstillinga", eventuelt sjå ein eller fleire av videofilmane som museet har. Etter kva elevane har gjort av forarbeid og kva for klassetrinn del er på, kan læraren på førehand ha plukka ut dei tema og spørsmål som elevane kan arbeide vidare med. På museet vil det vere plass for elevane til å sitje og arbeide og bruke utstillinga og ulike brosjyrer/hefter. Dersom ein klasse vil arbeide meir med tema i tilknytning til dette, fins det mange informative brosjyrer frå oljeselskapa. 
Mesteparten av stoffet i dette heftet er henta frå Oljeindustriens landsforening sitt hefte: 'NORSK OLJE & GASS". 

Dersom du ønsker meir informasjon kan du kontakte: 
Guri Langaas, Flora skulekontor tlf. 57 74 98 57

Kystmuseet i Sogn og Fjordane, tlf. 57 74 22 33