|
|
||
|
Snorreankeret
på Kystmuseet.
Oljenasjonen Noreg, historikk og utvikling. Snorreplattforma ein tettstad 150 km vest i havet.
|
|
|
|
|
||
|
SNORREANKERET PÅ KYSTMUSEET
Tilrettelagt for Internett av Leiv-Arne
Øien, september 1999 |
||
|
|
||
![]() Større bilete, klikk på det! |
Spørsmål til utstillinga:![]() 1. Kvifor heiter denne utstillinga Snorreankeret? 2. Olje på Snorrefeltet blei danna i tida Trias. Når var dette? 3. Korleis såg området mellom Noreg og Shetland ut på denne tida? 4. Kor djupt må du i dag ned for å finne olje i dette området? 5. Kor djup er havbotnen i dette området? 6. Studer kjerneprøvene på utstillinga og beskriv det du ser. Kvifor tar ein slike prøver? 7. Kva type bergart finn vi på Snorre-feltet? 8. Når blei den første oljen henta opp frå Snorre-feltet? 9. Kor mykje har det kosta å bygge ut Snorre-plattformen? (billion på engelsk er milliard på norsk) 10. Kva vil det seie at Snorre-plattformen er ein TLP? 11. Kor djupt ned går Snorre-plattformen samanlikna med andre plattformar? |
|
|
|
||
|
1. I 1958 blei det funne store oljemengder nær Groningen i Nederland. Mange meiner at det var i Nederland det norske oljeeventyret starta. Dette var fordi dei bergartane som oljen vart funnen i, strekkjer seg vidare utover i Nordsjøen. Olje og gass vert ofte danna i samme type bergart, og dette ga håp om å finne olje innanfor norsk område og. 2. I 1966 blei den første oljebrønnen bora på norsk sokkel av Selskapet Esso. Seinare starta også Phillips Petroleum å bore.
7. Norskerenna er ei djup kløft på havbotnen like utanfor kysten. Ho er frå 200 - 700 meter djup. I denne kløfta har vi funne mykje olje. I byrjinga var det ikkje meininga at nokon skulle ha lov til å drive økonomisk verksemd under ei djupn på 200 meter. Dette vart endra, og det er mange glade for i dag.
12. Staten vart etterkvart aktiv i oljeverksemda og oppretta eit eige olje-og energidepartement og eit oljedirektorat. Dei oppretta og eit eige selskap. Dette heiter Statoil og driv som operatør på lik line med andre selskap. Ein operatør er eit selskap som har ansvaret for drifta på plattforma og at alt går som det skal. Det er og operatøren som eig og kan selje oljen dei tek opp. Saga Petroleum vart operatør på Snorre-feltet i 1984.
14. Det er no stadig meir auke i aktiviteten nord for den 62 breiddegraden. Her ligg nemleg Haltenbanken med felta Heidrun, Draugen, Njord, Midgard og Smørbukk. Desse felta kan danne grunnlaget for ein eigen gassindustri på land i Midt-Noreg.
|
||
|
|
||
|
Spørsmål. 1. Det norske oljeeventyret:
|
||
|
|