|
|
|
|||
| Sommaren lir mot slutten ut i september. Plantar, husker og tre har førebudd seg med spreiing og utvikling av frøenmer, knoppar og blad til neste vår. | ||||
| Større bilete, klikk på det! |
|
|||
|
No er berre bartrea grøne rundt Likkjevatnet. Lauvtrea lyser gult og raudt imellom dei. Om ikkje lenge kjem første stormen og bles av alle blada. |
||||
|
||||
|
Også langs vatnet trekker livet seg attende. | |||
|
||||
|
Svartora vår har ikkje heilt gitt seg for i år, og står enno med grønt bladverk. | |||
|
Her ved demningen ser vi tydeleg korleis graset har trekt næring og klorofyll ut av strået og ned i rota. Det tørre strået står att livlaust. | |||
|
Også lauvtrea førebur vinteren. nei trekker og næringa frå lauvverket og inn i stammen. Lauva vert gule når det grøne fargestoffet, klorofyllet, fer inn i stammen. Kort etter fell lauvet av. | |||
|
Vi kan spørje oss korleis plantar, insekt, dyr og fuglar kan vite i rett tid at no er det haust, no må vi førebu oss til vinteren. | |||
|
Dette er eit vanskeleg spørsmål, og ikkje alle vitskapsfolka er einige om svaret. Det vi veit er at dagane vert kortare og at det vert kaldare. For plantar og tre har nok temperaturen sterk verknad på livsrytmen, likeins for insekta og mange dyreslag. Trekkfuglane er antakeleg like mykje avhengige av dag lengda som temperaturen, men mykje er forskjellig frå art til art. | |||
|
Vi menneske regulerer lys og temperatur ned elektrisitet og varme klær og hus. Ut i september er boblejakkene tatt i bruk på skulevegen etter ein lang fin sommar i Florø. | |||
|
||||
| Tilbake til side 1 | ||||