|
|
|
|||
|
Generell del.
Innleiing Spesiell del Lomen APPENDIKS Segner
|
TRANA har ein meint har noko mystisk over seg. Såleis er han ofte blitt rekna for heilag: "Trana må ein ikkje drepa, for då dreg ein vondt over seg"(Østerd. 19 ,38). Forklaringa finn ein kanskje i at "Trana var fuggel'n tel haugfølke"(Elverum 34, 72). Elles heitte det at ho skreik mot regn, og flaug ho høgt og skreik, kunne ein venta kaldt og vondt ver. Godver vart det om ho flaug lågt (Østerd. 19, 138). |
|
||
|
|
||||
|
var, som namnet seier, ein fugl som ofte heldt til i åkrane til folk. Men likevel var det ikkje ofte ein fekk sjå fuglen eller reiret hans: "Det ska i go løkk’ te å få sjå åkerreksa" (Sparbu 28, 259). Såleis kunne det heita at den som slumpa til å finna egga til åkerriksa skulle verta anten far- eller morlaus, enke- eller enkemann(Namdalen 17 ,222). |
Elles spådde ho ofte korleis året skulle verta: "Kjem åkerhøna og skrik i åkeren til ein, so skal det verta godt kornår - ogso godt høyår"(Gaular 23, 102). Ho skulle då skrika "Godt kodn! Vel skjert! Godt kodn! Vel skjert!" (Ullensvang 9 ,82).
|
|||
|
|
||||
|
TJELDEN
gav ofte varsel om giftarmål. Dersom to ugifte såg to tjeldar i lag fyrste gongen del såg han om våren, ville dei verta gifte (Trondarnes 11 ,14) eller forlova (Senja 21 ,84). Var ein gift og den fyrste tjelden ein såg det året var aleine, skulle ein bli enke(mann)i løpet av året (Senja sst).
|
Elles såg dei på fargen på beina til
tjelden. Var han høgraud på beina, varsla det ein varm sommar og eit
godt år, var dei bleike, vart det kaldt og surt (mst. 18, 64). Ein kunne
og ta meir kortsiktige varsel av denne beinfargen; Var beina raude, vart
det regn; men var del kvitgule eller bleike, kunne ein venta snø
(Helgeland sst). Tjelden venta og styggever om han kom frå fjøra og opp
på marka (Senja 21, 133).
Ein kunne og bli dåra av tjelden. I så tilfelle risikerte ein å bli plaga av lus. "Han sa jo også tydeleg: "Det bit! Det bit!" (Senja 23 ,119).
|
|||
|
|
||||
|
HEILOEN
har fått mange lokalnamn. Eit av namna ,"såti", har ho fått på grunn av låten sin: "Såti, såti, oppi jali, oppi jali!" sa ho (Sparbu 28 ,275). Når ein høyrde henne såleis om våren, var det merke på at ein kunne byrja så (sst; Verdal 35,77).
|
Han var og ein pålitande vervarslar, serleg i fjellet. Sprang han opp på ei høgde i fjellet og skreik "plyt!", så vart det mildt og godt ver; skreik han derimot "utiuh!" vart det regn eller snø og vind(Ål i Hallingd.18 ,64): "Rope på utiug lissom fjellkaggen (=heiloen), si dom. Dæ æ ein fuggel i fjella dom kællar så, å han læte ein låt så ølskeleg nær dæ li mot uvær, dæmme si dom han ropar på utiug"(Bø i Tel. 3 ,134) | |||
|
|
||||
|
VIPA
Det finst lite tradisjon kring denne "Jærens nasjonalfugl". Dette kjem sjølvsagt av at han er etter måten ny i vår fuglefauna. Det er eit kjend merke at dersom vipa legg egga sine på høge tuer, kan ein venta ein våt sommar (Jæren 18,64). |
|
|||
|
|
||||
|
SPOVEN
har her i Rogaland vore ein mykje nytta vervarslar. Skreik han, vart det regn (18 ,64): "Spogjen skrik alltid med ein sørgjeleg låt mot regn"(Sandnes MS). Folk har nok undra seg litt på det lange nebbet til spoven. På Møre heiter det: "Spuen hadde ikkje nebb frå fyrst av. Del andre fuglane tykte då synd i han og gav han eit stykke kvar av sine nebb. Men difor fekk spuen so altfor lang nebb, stakkar"
|
Elles kunne ein verta dåra av spoven. Var det
ein mann som blei dåra, ville han brekka ljåen i høyonna. Og var det ei
kvinne, ville ho brekka riveskaftet(Helgel. 17,174).
|
|||
|
|
||||
|
RUGDA
vart rekna for ein av dei fuglane som høyrde det vonde til. Folkelege namn som trollrukle o.l. ber bod om det. Ofte heiter det at ho gjorde illt på krøttera: "Trollrukla pikkar kyrne i juret. Ho pikkar både så at kyrne får sår på juret, og så at kyrne byrjar mjølka blod"(Velfjord 24,114; likn. Sparbu 28,281, Verdal ,35,77). Likeeins måtte ein passa på å brenna håret etter ein hadde klipt det av seg, elles ville rugda få tak i det og setja vondt på ein (Sparbu 28,281), og ho sette elles vondt på den som gjorde henne noko (sst). Det spådde og ille dersom ho søkte til husa (Sparbu 28 ,278).
|
I Verdal i Trønderlag finst det ei segn om
korleis rugda vart til. Opprinneleg hadde ho vore ei gjetarjente. Ein dag
hadde ho vore så uheldig å gjeta bort to oksar. Då husbondsfolket fekk
høyra om dette, vart dei sinte og jaga henne til skogs att for å leita
etter dei. Jenta leitte, men ho fann dei ikkje. Til slutt ynskte ho at ho
var fugl, slik at ho kunne sjå vidare. I det same vart ho omskapt til ein
fugl, og sidan den gongen har ho floge ikring og leitt etter oksane idet
ho ropar namnet deira:
"Krok, krok, kvist — krok, krok, kvist"( 35,77).
|
|||
|
|
||||