Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker



SKJORA

Få fuglar er så knytt til menneskeleg busetnad som skjora. Den har vore gardsfuglen framom nokon annan, noko som kjælenamnet "tunfuglen" ber bod om. Skjora var såleis av dei fuglane som gjorde mest av seg, og dette speglast att i den mengda av minnestoff ein I’ inn om denne fuglen.

"Det burde vara to skjure i kvar gard", heiter det i Hemne (2L, 42), og eit liknande syn på denne fuglen f inn ein over heile landet. Som regel vart han sett på lukkefuglen fram for nokon. Det var vanleg tru at ein ikkje måtte hata eller gjera ilt mot skjora, då ville ein missa lukka på garden. Skaut ein henne eller øydela reiret hennar, ville ho hemna seg, trudde dei. "Ein mann

i Hopen hakka sund skjorereiret på hoggestabben. Då spratt det ein kvist i auga hans. Det var skjura som hemna seg"(~4, 106). I beste fall kunne resultatet bli at den børsa ein hadde skote skjora med, vart skjemd (Valdres 16 , 23; Velfjord 24, 114), eller "fangar du ei skjor i ei soks, kan du likså godt ta soksi opp att. Du får ikkje meir i henne..."(Vang i Valdres 16 ,11).

Men var ein god mot skjora, tydde det lukke og velstand for den garden der ho bygde. "Det var bra om det var eit skjorepar som heldt seg ved husa. Det var ei gamal tru at ein kunne ynskja seg eit skjorepar og få det til å roa seg på garden, dersom dei på den garden skjora kom frå, ynskte det"(Suldal NKB).

Såleis spådde og skjora godt når ein støytte på henne. "Når kjerringane var ved bekken i slaktetidi og "skylde or bekke", d.e. reinsa tarmar og vomb for gør, so kom det ofte mykje skjor og venta på ein godbit. Desse kalla dei salmannsfulgjet. Det skulle vera eit godt merke når det kom mange skjorer, so det vart eit stort salmannsfulgje"(Vestre Slidre 10 , 148; likn. Mandal 17 , 178). Det var likeins heldig å møta skjora når ein skulle på fiske eller veiding (0. Slidre 1(3 , 12). Og i jule skulle skjora og ha sitt, tilliks med småfuglane: "Når skjora kom til gards i jula, så gav dei henne kaka med brennevin i, og skjora åt til ho vart så rusa at ho herre for og raga"(Velfjord 24, 114).

 

 

 

Grunnen til at det lønte seg å stå på god fot med skjora, var at ho sto i nært, samband med dei skjulte maktene i naturen. Desse burde ein helst komma overeins med, om det skulle gå ein vel:

"Mor mi hadde slik respekt for skjerå Ho var reint redd henne" (NS, Sandnes). Det var ei utbreidd tru at skjora var fuglen til Fanden, eller, som det og heiter somme stader, til huldra (Mandal, Lista, Jæren Il , 180). Såleis var det eit særs dårleg teikn om

skjorene skvatra mykje ved eit likfølgje. Det tydde at den døde ikkje var salig (Mandal 17 ,185).

Folk har og merka seg at skjorene blir borte ei tid kring olsok. Dette har over det meste av landet blitt tydd slik at ho hadde vore i Helvete og drege høylassa for Fanden. Då ho kom att, skulle ho ha ein snau ring om halsen. Det var merket etter selen (Sparbu 28,277 o.fl.). Det kunne og heita at ho på denne tida var inne hjå huldra for å vegast. Dei som ikkje heldt vekta, slapp ho ut att etter 14 dagar. Derfor var det aldri meir skjorer eit år enn eit anna (Mandal 17 ,181 ofl).

Ein fugl som stod slik nær det vonde, hadde sjølvsagt ei eiga evne til å spå dødsfall. Heldt ho seg såleis noko for nær husa enn det som var vanleg, varsla det ille. Såleis om ho sat på dørhella (Romsdal 17 ,183), på vinduskarmen (Namdalen, Helgeland sst), på taket (Sandnes MS) eller kom inn i gangen (Gauldal 13 ,11).

I forlenginga av tanken kring sambandet mellom skjora og dei vonde maktene, må ein og ta med bruken ein har gjort av henne inna— for folkemedisin og magiske skikkar. Ei ålmenn tru har vore at ein skulle hengja ei daud skjor i stallen, slik at mara ikkje skulle kunna ri hestane, eller dei hengde henne opp til vern mot spøkelse (Sandnes AS). Handlinga kunne og ha reint medisinsk føremål: ‘Hestane fekk av og til store blodposar inne i munnen kring tanngarden som gjorde det vanskeleg for dyra å eta. Sjukdommen vart kalla "skjoli". Middel: å henga ei daud skjor inne
i stallen (Sogn V7~ ,186).
Strøm fortel i "Søndmørs Beskrivelse"(37,251); "Undertiden tager man her denne Fugls Unger og hakker dem levende (med Fler Duun og Indvolde) i smaa Stykker, hvoraf distilleres et Vand, som indtages mod Nedfal-Sot eller Falden—Syge, en Svaghed, som ellers her Nordenfields er ganske rar". skjorereiret har ein og nytta - kokt, m.a. mot engelsk sjuke.

Det å ha eit rugande skjorepar på garden har folk og visst å nytta seg av på andre vis. Ofte tok ein i bruk skjorene som rugehøns: "Det skulle verta så gode verpehøner av dei egga skjora klekte ut. Men det ville jamt verta hanar, og dei hanane var reint ville, dei vart jamt vonde"(Gauldal 13 ,20).

Når det gjeld skjora sine eigne egg, har det vore ei utbreidd tru at ein ikkje måtte eta dei, ein vart då like sladderaktig som skjora sjølv. Skjorene vart nemleg sett på som nokre store sladderhanker og slett ikkje til å lita på (sjå tilleggsegner nr.1).

Dessutan tok ein langtidsvarsel av kor mange egg det var i skjorereiret. Di fleire egg ho la, desto betre år blei det (Orkdal 18,60). Det var og særs vanleg å ta langtids- og åringvarsel av kor og korleis skjora bygde reiret sitt. Bygde ho høgt i treet, ville det bli eit godt år og ein fin sommar. Bygde ho derimot lågt, ville det bli mykje regn. Tanken bak har nok vore at skjora helst ville sleppa å få mykje regn i reiret sitt - derfor bygde ho lågrare nede i treet når ho venta ein våtsommar. Men vel så ofte har den motsette oppfatninga gjort seg gjeldande, altså: bygde ho reir høgt oppe i treet, vart det ein våt sommar, og omvendt. Det er ikkje godt å seia kva for ei førestilling som har vore den opprinnelege.

Men skjora kunne og komma med korttidsvarsel. Gjekk skjora og sparka i høyet under høyonna, ville ein få godver neste dag og høyet ville komma tørt i hus (mst1~ ,60). Likeins tydde det godt ver dersom ein såg henne på furene om våren når ein pløgde (Strinda sst), eller om ho i det heile hadde ferdsel nede på marka. Verre var det om ho hengde seg på husveggene. På vart det oftast regn og rusk (Gauldal 13 ,35; Østerd. 19 ,138; Numedal 29,32).

Det heitte og somme stader: "Skvatrar skjora, ventar ho godver, likeins når ho fer og skreklar sumars tid"(Gauldal 13 ,35), men det kunne og vera motsett: Skratta skjora mykje, kunne ein venta regn (Suldal NKB). Men det mest ålmenne varselet ein har teke av skrattinga til skjora, har vore at ho då varslar framande. "Skjori er eit skarveskarn, sa dei gamle. Når ho kjem til gards og held leven, blir det stødt noko leitt. På kjem det gjerne eit skarns menneske i huset"(Valdres 15,83).
Dette er og har vore ei særs utbreidd tru som har fått mange utformingar det vil føra for langt å koma inn på her. I forfølginga av tanken om at skjora høyrer det vonde til, har det ofte vore sladrekjerringer og andre uvelkomne menneske ho skulle ha varsla: "Skratar ho i tunet, kjem det eit skjitmenne te gards. "Par kjem’u visst alt skjitmenne i dag", sa ho Brita, "skjeræ skratar so". Lei ut på dagen, kom syster hennar på gistnad!"(Odda 8 ,56).
Folk har meint å sjå eit samband mellom skjora og skjærtorsdag: Skjora vart skapt på ein torsdag, derav skjærtorsdag(Mandal 17 ,180). Denne førestillinga har nok gitt grobotn for følgjande tru: Den som kunne vakna så tidleg Skjærtorsdagmorgon at han kunne vekkja skjora, skulle vakna av seg sjøl heile året (Salten 1,92), eller: Såg ein ei skjor som det fyrste levande under himmelen skjærtorsdagsmorgon, skulle ein bli sladderaktig (Mandal 1, 229).
Til slutt eit lite råd til dei som ønskjer å fanga ei skjor levande: Strø salt på halen hennar. "Greidde ein å strøya salt på skjorevelet vart ho så spak at me kunne klappa ho, ja ho vart heilt tam"(Suldal JS).