|
|
|
|||
|
Generell del.
Jakt og fangst Spesiell del Lomen
|
SJØFUGLFANGST Det gjeld for ein dei dyreartar- pattedyr som fuglar at dei på bestemte tider av året samlar seg i store mengder på ganske små område. Slike masseførekomstar av naturlegvis alltid fanga interessa til jegeren. Såleis har sjøfuglane heilt tilbake i førhistorisk tid og fram til våre dagar høyrd med til næringsgrunnlaget for folk. Desse fuglane var både verpehøns og leverandørar av slakt, og fangst-metodar og regler kring fuglefangsten har oppstått tidleg. Egg-sanking og fangst av vaksne og unge fuglar gjekk føre seg etter bestemte regler som alle måtte retta seg etter. Desse reglane var innarbeidde etter århundrelange tradisjonar og beskatninga var stort sett avpassa etter det fuglane tålte. Dei "nyttige" sjøfuglane vart ofte delt i 2 grupper: Dei som hekker på egg- or dunværa og dei som hekker i fuglefjell, men det er eigentleg ikkje noko skarp skille mellom dei. På egg-og dunværa hekker særleg andefuglane, deriblant grå-gås og ærfugl; vidare dei fleste måkefuglane, terner og teist og til dels skarv. På fuglefjella hekker dei fleste alkefugla-ne så som lunde, lomvi og alke, og dessutan krykkje. Alkefuglane er dei eigentlege bergfuglane. Dei liker å. halda tett saman og slår seg ned i fjellet i nærleiken av stader med mykje småfisk og krepsdyrplankton. Dette har ført til at alke- fuglkoloniane kan punktlokaliserast kring norskekysten. I eit begrensa antall fuglefjell opptrer til dels store mengder av fugl. Fuglane i egg - og dunværa har derimot ei særs vid spreiing, slik at det t.d. i Troms finst ca. 100 egg/dunvær men berre 4 fuglefjell. Dette dannar sjølvsagt ulike føresetnader for fangsten og ulike fangstmåtar er utvikla på dei forskjellige stader langs kysten. |
Mengda av sjøfugl langs norskekysten aukar stort sett dl lenger nordover ein kjem, og det er derfor frå Nord-Noreg ein har dei fleste opplysningane om jakt/fangst på. sjøfugl. Eggsanking. Dei fuglane som er blitt beskatta m.o.t. tette, er einskilde alkefuglar, måkefuglar og skarv. Også ærfuglegg er det blitt sanka noko av, men liten målestokk, for elles ville dette gått ut over dunværa. I Troms utgjorde hovudmengda av dei egga som vart sanka for sal (svartbak og gråmåke) i 1930— åra halvparten av dei 58000 egga som vart samla inn kvart år. Sildemåkeegg vart det seld meir av før i tida og desse spelar no ei uvesentleg rolle(46). Ein sanka og skarve- og krykkjeegg som ein åt hardkokte. P.g.a. vond. lukt vart skarveegga likevel mest nytta I pannekaker. I samband med. eggsankinga har ein nytta såkalla eggskeier, dvs ei lang stake med ei skei i enden til å plukka egg frå vanskelege tilgjengelege stader i fuglefjella. Ein samla opp egga anten i ein pose eller i ei korg festa over aksla. Eggsanking i fuglefjella var ofte risikofylt. Peder Claussøn Friis fortel i "Norriges og omliggende Øers sandfærdige Bescriffuelse" frå 1632 om ei spesiell lov; Dersom ein fangstmann ramla ned ein stad I fuglefjellet som var så farleg at ingen våga seg etter, så vart fallet rekna som sjølvmord. Dette vart rekna for ei stor synd og mannen kunne ikkje gravleggjast i kristen jord, men måtte jordfestast utan kyrkjeleg velsigning. Frå Røst har mc ei soge om at dersom ein mann gjekk seg fast i fuglefjellet, kunne han knusa eit egg mot fjellsida. Så snart egget var inntørka av vær og vind, kunne han nytta det som fotfeste til den næraste fjellhylla(44,74).
|
||
|
|
||||
|
På øya Bleik på nordkysten av Andøya vart
det såleis drive eggsanking. Jorda på Bleik er delt i seks hovudpartar. 3
av desse partane har eggsanking kvart sitt år. Dei einskilde gardane
får dermed sitt utbytte annakvart år. Under bytinga vert fangsten delt i
tre hovudpartar, som igjen vert delt mellom jordeigarane i dei 3
jordartane, alt etter storleiken på jorda
deira. Før byttet vart delt på. denne måten, vert det utlikna ein ekstralott til folk som har samla på dei vanskelegaste stadene i fjellet. Eggsankinga går føre seg på bestemt vekedagar frå midten av mai til midten av juni. Seinare får fuglane vera i fred(44,218). Fuglefangst. Alke, lunde og lomvi har vore dei mest ettertrakta av sjøfuglane. Desse vart fanga på ulike måtar og delvis selde i byane, men denne jakta har aldri vore av stor betydning. Fangsten gjekk tidlegare føre seg v.hj.av garn i og rundt om fuglefjella. I lundeurer vart garnet strokke over ein dei av ura slik at fuglane ikkje kunne komma seg inn eller ut av rugeholene sine utan å gå. i garnet å bli sitjande fast. Garn vart og ofte brukt i fjøra. Då vart det lagt agn under og fuglane gjekk i garnet når dei prøvde å. få fatt i dette. Om våren gjekk det føre seg ein annan form for garnfangst. Eit flytande garn vart spent over ei firkanta ramme. Fugl som oppsøkte denne kunstige flåten for å kvila seg vart fanga dersom dei stupte i sjøen på innsida av ramma. Ein har og nytta snarer på slike flåter. Det var helst alke og lomvi som vart fanga på denne måten. Lundefangsten kom til å gå igjennom store endringar opp gjennom Mellomalderen og fram mot nyare tid. Dette galdt både fangstmetodar og utbreiing. Frå fyrst av fange ein lunden mest for kjøtet si skuld. Men etter kvart skulle dun og fjør komma til å spela ei viktigare rolle. Dette har samband med endringane i folks sovevaner og sengeutrustning. Tidlegare var det stort sett dei høgare sosiale lag som nytta dun og fjør i sengetyet, men dei sosiale nyskapningane som fann stad. etter reformasjonen, gjorde at fleire og fleire byrja nytta dun og fjør i sengeutstyret.
|
Elementære fangstformer i lundefangsten var bruk av
hand og seinare kjepp. Lundefuglen hekker anten i steinurer eller i holer som
han grev ut med. nebbet i moldbakkar. Av den grunn er han vanskeleg å. få tak
i, men det var somme gonger råd å. nå. inn ti),. dei rugande fuglane utan
noko hjelpemiddel og dra lunden ut. For å letta denne fangsten tok ein i bruk
kjepp eller pinne, og enno seinare vart det festa ein krok eller pigg i pinnen
for å letta fangsten enno meir. Denne krokfangsten har hatt stor utbreiing i
eit tidsrom f. 1500 -1800.
I lundefangsten vart det og nytta hundar. Desse hundane, lundehundane, hadde heilt spesielle anatomiske særdrag. Beina er utstyrte med ein kraftig "tommel" som gjer dei godt egna til å grava med. Øyrene kan lukkast dobbelt og rygg og nakkevirvlar er særs mjuke og fleksible. Dessutan er hunden ganske liten. Dette gjorde hunden til ein utmerka lundefangar. Han vart sendt inn i lundeholer og lundeurer både for å fanga vaksne fuglar, men helst ungfuglar om hausten. Utbyttet av denne fangsten kunne bli opptil 120-130 ungar pr. hund(14 nr.18 s.40). Mykje tyder på at fangstmetoden har vore i bruk i fleire 100 år frå Helgeland til Finnmark(ds. s.46) Etter kvart vart garnfangst også her teke i bruk. Dette var ein rasjonell måte å driva fangst på., og særs effektiv. Dessutan var det ikkje lenger naudsynleg å halda hundar som mesteparten av året var unyttige, og som kravde mat og stell. Denne masseutnyttinga av sjøfugl, spesielt ærfugl og lunde, som fann stad tidlegare, har berre avl ståande att som attåtnæring i dag. All fangst med fiskereiskapar o.l. er forbode, og dei tradisjonelt viktige sjøfuglane kjem no inn under andre bestemmelsar i fredningslova. M.a. er alke og lomvi totalfreda. Dette har samanheng med sterk attendegang av desse artane i seinare år. Og frå veidekulturen sine utnyttingsmåtar er det berre eggsankinga som står att.
|
|||
|
|
||||