Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

SEGNER

Nr. 1.

På Hjartdal prestegard vart det for mange år sidan funne eit dødt barn svøpt og lagt under to steinar. I den tida nytta ein jærteikn ved slike høve for å finna den skuldige: dei mistenkte skulle legga handa på liket. Dersom nå nokon laug seg fri sjølv om han var den skuldige, vart staden han hadde rørt ved, ganske svart. Dette blei så gjort, men ei jente som tente i prestegarden ville ikkje leggja handa på barnet. Ho tilstod at det høyrde til henne, men forsikra at ho ikkje hadde drept det- det var død-fødd, sa ho, og ho hadde gøymt det for å unngå den skamma å stå offentleg til skrifte i kyrkja. Ho vart sedd på som ei sannferdig jente. Såleis trudde dei henne, og ho gjekk fri for tiltale og straff. På den tida var det prestelaust på Hjartdal, men det var ei presteenke der som var særs klok; ho skyna fuglespråket og fortalde ofte folk om mangt fuglane hadde sagt til henne.

Ein dag stod ho i svalgangen og tala med nokre skjærer som flaug att og fram og skvatra. Dei kom inn i gangen til henne i ein open glugg. Deretter tala prestekona til arbeidsfolka sine og bad dei setja jenta fast, for no hadde ho fått rett greie og skilvang på korleis alt hekk ihop, og ho var nok ikkje så uskuldig som ho ville ha det til. No hadde ho tala med nokre som hadde sett gjerninga, og det var for visst at ho sjølv hadde teke livet av barnet sitt og kasta det i røysa.

  Folk sette si lit til det prestekona sa: Jenta vart sett fast og kort etter dømd til døden, endå om ho like til det siste stod fast ved si uskuld. Men prestekona vitna mot henne etter det som skjærene hadde sagt, dessutan var barnet funne dødt og det var hennar barn, derfor laut ho døy Ho vart avretta på Brå-daråker som var ein mykje nytta rettarstad.

Men frå den dagen fekk prestekona ikkje fred nokon nott. Ho fortalde at jenta kom, stod ved senga hennar med blodute klede og sa: Kvifor forrådde du meg, som var utan skuld? Til slutt måtte prestekona flykta og reisa langt bort derifrå, men til inga nytte. Då vende ho attende og forlangte liket til jenta oppteke og lagd i kristen jord. Stutt tid etter døydde. Prestekona med stor anger og sut, og bad, før ho somna bort, om å bli lagt i samme grav som den jenta ho hadde valda døden til. (Etter Landstad. Telemark 5,8O f)

Nr. 2

Ein gut som hadde gjenge på nedgangsskulen, var te kyrkje. Det sette seg ei kråka på kyrkjemuren og tok te skvipta og skrata åt guten. Attimellom keikte ho seg eller bukka liksom ho ville dykja ordi sine te. Kyrkjelyden stod og gløste og undra seg yver desse tvo, og på seinsten kom presten og gav seg te lyda, han og. Då han hadde høyrt på ei rid, gjekk han burt te guten og spurde:

"Kanskje du skjynar ka denn' fuglen sair, du?" "Eg sku læsta da," sa guten; "no deua da nett ai kjyr pao Langase'tu å i denn' timen dre'gu dai 'ne ut," sa 'an. Presten lysta gjera guten te skamxnar, og fekk nokre karar te ro i veg so kvast som årar og keiper tolde. Fyrst dei kom attende, kunne dei fortelja at det belet dei la te lands ved Langasæter-nausti, hadde folket nettopp drege den daude kui or båsen (Eidfjord 9 ,83).