Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker



RYPA OG JERPA

Dei fleste tradisjonane kring desse fuglane knyter seg nok til den plassen dei har hatt når det gjeld det reint matnyttige:

jakt og fangst. Men ein kunne og ta varsel av rypa. I og med at det var rett sjeldan at rypa søkte inntil husa, varsla dette ofte dødsfall (mst). På same måten når del trekte lenger ned i liene, då kunne ein venta uver (mst, m.a. Suldal JS). Snøver kunne ein venta dersom ho skrata fælt (mst, m.a. Suldal IM) eller dersom ein såg at ho sat i trea (Østerdalen 19 ,131). Ein kunne og sjå av rypa om ein ville få ein tidleg vinter. Då skifta ho til vinterdrakt tidleg (Østerd.19, 131).

Om jerpa, som finst utbreidd i Trøndelag og på Østlandet, finst det ei soge om korleis ho vart til; Ein gong var jerpa den største fuglen. Ho var då særs byrg- mot dei andre fuglane. Dette vart dei andre fuglane leie av og heldt møte, Så. vart det til at del skulle skjera jerpa sund. Etter litt vart det likevel til at jerpa skulle få leva, men del skulle taka ein liten bit av henne kvar fugl. Det stykket dei tok vart til ein liten kvit flekk i brystet på kvar fugl der kjøtet er kvitt (jerpekjøtet er heilt kvitt). Og derfor er jerpa så lita(Sparbu 2S,267 f).


Jerpe

 


Fjellrype

Ved Finsevann-neset på Hardangervidda er det grave ut avfallsdungar med bruksgjenstandar frå yngre steinalder og jernalder. Forutan store mengder bein og horn av reinsdyr, samt beinrester av aure, vart det funne knoklar av 3 fugleartar: fjellrype, lirype og heilo.

Rypa er altså ein fjellets fugl og særs tidleg vart ho ettertrakta av jegerar.

Ho er ei av fjellets urinnvånarar og er i stand til å klara seg i dei strengaste vintrar. Vinterrypa er knytt til krattvegetasjonen, for berre der kan den finna seg mat og skjul mot fiendar. Ho et alle slags knoppar og skot av vier, bjørk og rogn, bjørkerakler, krekling, blåbær or lyng av avblåsne tuer.

Spiseteknikken kan tyda på at dei heile tida leiter etter spesielle platedeler. Dei beiter, dvs. dei går medan dei et. Dette er særleg tydeleg om vinteren. Då spring del frå kvist til kvist, stoppar opp litt og kiker og napper litt her og litt der

Det kan vera kjennskapen til desse spisevanene som har utvikla snarefangsten. Snarefangst er ei særs gammal fangstform. Sjølve snara er ei renneløkke. Denne vart opprinneleg laga av hamp eller hestetagl, men i dei siste 80 åra er snara blitt laga av metalltråd , t.d. messing. For å få. rypene til å gå i snarene, er det bygd lange hekker av bjørkeris. Her og der er det laga opningar i hekken eller garden. I desse opningane er det plassert snarer. Denne vert ofte festa til ei kraftig, V -forma grein som er plassert med spissen opp. Sjølve snareløkka dekker heile opninga og rypa vert fanga idet ho prøver å stikka seg gjennom hekken (49 ,182). JSK fortel at i Bjerkreim sette dei midt for snara på begge sidene ein dott med brom (bjørkeraklar) som lokkemat.

Som oftast vert rypa fanga rundt halsen og då vert ho strupt i løpet av få sekund. Men det hender at ho vert fanga i foten eller vinga og då kan det gå lenge før ho frys ihjel. Snarene må ein derfor sjå til og reinska kvar dag for at dei skal vera effektive. Likeins må ein utbetra og stella hekkane, skifta ut gamle kvistar med nye for å frista rypene med friske knoppar og skot.

I særs gode rypeår kan ein iherdig fangar få. stort utbytte. Ein kjend rypefangar i Lesja, Anders Haugen, fanga ved hundre-årsskiftet 2000 ryper på. ein vinter. Han fekk 50 øre i betaling for kvar rype. Den største fangsten på. ein dag var 85 ryper (50,1971 ,s.83).

Vinteren 1891-92 vart det frå Trondheim eksportert ca.44 000 par ryper, der 60% var fanga i snarer. Til andre byer innanlands vart det sendt ca. 30 000 par. Heile tilførselen av ryper over Trondheim var altså 74 000 par. Til Bergen kom det i same tidsrommet 65 000 par ryper. Kor mykje det kom til Stavanger, Christiansand og Christiania, saknar ein pålitelege opplysningar om. Fangsten var i nemnte sesong ytterst tarveleg, samanlikna med den ypparlege sesongen som var føre. Prisen vart då og høg som følgje av dette dårlege rypeåret, frå 0,70 til 1 krone pr. stk.

 

 

Eit anna døme: "6000 ryper (1890). I vinter er i øvre Sirdalen fanget over 6000 ryper, for det meste i snarer. Dette er det største antal, som er fanget på mange år. Opkjøberne har betalt 50 øre stykket, altså over 3000 kroner i kontanter til en enkelt bygd. Flekkefjordsbladet "Agder" som meddeler dette, har hørt at grunden til den rige fangst skal være, at den tidlige vår ifjor gav så lang sommer, at 2 kuld ruper kunde udklekkes. Vi har i en række af år havt vor opmerksomhed henvendt på denne ofte gjentagne påstand af rypefangerne; men resultatet er, at alle vore erfaringer taler imod påstanden, da der i år med tidlig udviklede unger næsten ikke forekommer små pibekyllinger, medens år med uheldige yngleforhold opviser sådanne i mængde, og disse er da om igjen lagte kuld. Har rypemoderen derimod fremalet et vellykket kuld, er dermed dens ynglingsverk for året til ende".   Nyare forsking har synt at denne påstanden som vert drøfta og den konklusjonen redaktøren av tidsskriftet kjem med, er korrekt.

Den totale fangst av ryper kan i gode fangstår har vore oppe i ca. 1 million ryper. Som eit gjennomsnitt vil ca. 500 000 ryper pr. år vera det rette, men desse tala er særs usikre.( 50, nr.2 1971 ,s.128ff)
Den moderne sportsjakta oppstod på 1700-talet i Noreg. Impulsar frå adelsjakt og selskapsjakt på kontinentet brakte dette her til lands. Rypejakt og skogsfugljakt med fuglehund kom i bruk ca. 1850, og denne sportsjakta var fyrst og fremst for dei kondisjonerte.