Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

 



RAMNEN.
eller korpen som han og heiter, har, tilliks med dei andre kråkefuglane, og ofte blitt assosiert med død og vondskap. Det er vel ikkje tilfeldig at det nettopp var to korpar som var fuglane til Odin. Blant mykje anna var Odin og dødsgud, og ramnen si naturlege oppgåve som åtseletar har vel gitt han denne plassen innafor mytologi og folketru. Likeins har vel den svarte fargen gjort sitt til at ramnen er blitt stilt saman med den vende: "Dei skulde eingong føre ein, som heitte Villmann til graven. På dei redde med likbåten, så var det ei mengd ramn og kråke, som kom flygande etter. Villmann hadde vore ei ukjure i si tid, som hadde fore mykje med drikk og farkeskap. No kjem den vende og tek honom, sa roarane på likbåten seg imellom. Fuglane fulgde etter, og sette seg på grava etter ho var attkasta" (Drevja i Helgeland 20,92).

Slikt sett er det ikkje underleg om ramnen har ein sentral. plass i magien. Ei ganske utbreidd tru har vore at det i ramnereiret ligg ein stein under ungane. Fekk ein tak i denne og la han i munnen, vart han usynleg (Bø i Tel. 3 ,133; Ø.Slidre 16,139). I ei svartebok frå Trondenes (Troms) heiter det:

"At gjøre sig usynlig.Gak til en Ravne-Rede om Langfredag, før Solen opgaar, og tag den største Unge. Hæng med en Jern-Lænke ham op og sæt et Staalstykke i hans Neb, at Nebbet kan staa aabent, saa kommer Ravnen og slipner en Sten i hans Neb. Tag den Sten og forvar den, og da du vil (være) usynlig, saa læg Stenen under din Tunge, saa er du usynlig for Mennesker (17, ,22f).

Hjå ramnen kunne ein og få tak i eit slag strå som åpna alle låsar. Finn ein eit korpereir, "då skal ein breie ned eit raudt plagg ved reiret. Så tek ein og slær ein trepropp i reirholet. På er korpen stad f inn eit grasstrå dei kallar låsstrå Så er han innved treproppen i reiret med strået, og då sprett treproppen ut, så reiret onnar seg.Dette låsstrået skal ingen få tak i, difor slepper han det ned på det raude plagget. Han trur det. raude er varme, så strået skal brenne opp. lek du no litt av dette låsstrået og legg på fingertuppen på veslefingeren, då kan du læsa opp kva lås du vil med veslefingeren"(N.Aurdal 16,139; likn. tru finn ein om hakkespetta, s.d.).

 

Ein anna årsak til at ramnen er blitt sett på med respekt, er at han vert rekna for å vera ein særs intelligent fugl. Dei kalla han Salomon, og før i tida skjøna folk seg betre på han enn dei gjer no, seiest det (Telem. 5 ,79). Somme kunne tyda korpemålet, men dette var nok ikkje for alle gitt. Han skulle nemleg kunne tala hebraisk (Valdres 4,114; 16 ,138), eller engelsk (Helgeland 24, 61).

Men folk har fyrst og fremst kjent til ramnen som åtselsfugl. Såleis var han særs dyktig til å varsla om det fantest åtsel i nærleiken: "Ramnen var svært rask til å varsla. Døydde eit dyr, varsla ramnen momentant, nesten før dyret hadde døytt"(Suldal). Ein gong skulle han ha sagt: "Fjorten merrar daue på Tveit. Kjem du først må du pikka bak, mc vil vera begge om augom"(Hjelmeland NNS). Han var derfor og kjent for å halda fylgje med rovdyra, for å kunna eta av det dei lemna etter seg: "Når ramnen snur seg i lufta og klunkar, er bjørn eller skrubb i nærleiken (Fjotland 2 , 193). Under slaktinga skulle dei derfor gje måten til ramnen fordi han skulle varsla om rovdyra. Somme stader vert derfor milten kalla "ramnesteika"(Mandal 17 ,177, likn. Sunnmøre). Men korn ramnen ikkje medan dei slakta, vart dette sett på som eit dårleg teikn (mst).

 

Ramnen varsla og om det var vilt i nærleiken: "Der det var mykje korp i fjellet, var det villrein nær ved. Dette la skytt-arane mark på ofte. Og dei vart sjeldan vonbrotne...Du høyrde det

på klunken hans, om han hadde rein nær seg"(Vang i Valdres 16, 50) Men ramnen kunne og varsla for andre ting. Det ville vore merkeleg om ein fugl som slik er knytt saman med død og åtsel, ikkje varsla feigt for menneska og: "Når to ramnar klomspennast (slæst klo mot klo) over ein gard, får ein spyrja ektefolks død" (Ofoten, Tysfjord 11,15 m.fl.). Heldt han seg i lengre tid i nærleiken av vatn eller elv, skulle ein snart drukna der (Jæren 17,178), eller skreik han fælt i lengre tid på ein stad, skulle det skje ei ulukke der (Numedal 30,36). Heldt han seg såleis i lengre tid ved husa, varsla det om ulukke eller død for ein av dei som budde der (Karmøy JH). Det betydde såleis ikkje alltid lukke å koma ut for ramnen. Sette han seg framføre deg på vegen, ville det inntreffa noko ugildt på neste gard (Jæren 17,179).

Ramnen kunne og brukast som vervarslar, men det finst ingen eintydig tradisjon kring dette. Opplysningane herikring er få og spreidde: "Når ramnen skrik upøe i fjella, kjem det fint synna-ver"(Innvik i Nordfjord 33 ,148)eller: flaug korpen nordover og skreik, vart det kaldt, men flaug han sørover og skreik, vart det linnver (Østf. 12,94). Den mest utbreidde trua kring ramnen som vervarslar, har vel vore denne: klunka ramnen om vinteren, vart det tøver (mst 18,61).

Ramnereira ligg ofte på vanskeleg tilgjengelege stader, der-for heitte det: "Han som finn korpereir finn gull"(Sparbu 28,268). I Helgeland meinte ein at ramnungane var kvite med det same dei kom ut or egga. Ramnemor brukte derfor straks å fara frå ungane, ho trudde dei ikkje var sine. Då laut ramnefaren passa på ungane(24,61). At det var noko særs med ramnen, syner og denne siste oppte ikninga me skal ta med: "Der korpen sette seg ned, skulle det liggja att eit par pengar etter honom"(Vang i Valdres 10,24).