|
|
|
|||
|
Generell del.
Innleiing Spesiell del Lomen APPENDIKS Segner |
ORDTØKJE
Fugl generelt: Det sit ingen fugl se godt i bur, han ei sat betre ute. Det er seint stengja buret når fuglen er flogen. Langt ifrå er alle fuglar fagre. "Kvar tykkjer sine fugler fagraste", sa myrsnipa. Det er fjørene som gjer fuglen fager. Det er nå fjørene ein kjenner fuglen. Det syner på fjørene kva fuglen er. Langflogne fuglar hev ofte fagre fjører. Det flyg no mykje som ikkje er fugl. Den som ikkje kan flyga, får fylgja marka. Ein får ikkje flyga fyrr vengjene er vaksne. D'er vondt, å flyga vengjelaus. Srnå-fuglar syng best. Fuglen kan vel fyka lågt, um han hev gode vengjer. Det syng kvar fugl med sin nebb. Kvar fugl hev sin song. Det er ikkje fugl alt som flyga vil. Det vert ikkje fugl av upp-ete egg. Ein fugl i handa er betre enn tie i skogen. Stor fugl treng stort reir. Småe fuglar verp småe egg. Liten fugl hev småe fjører. Han vert sjeldan feit den fuglen som hev mange ungar. D'er vesal fugl som ikkje kan bera sine eigne fjører. D'er klen fugl som ikkje veit å firma vegen til sitt eige reir. Store fuglar fangar ikkje flugor. Like fuglar flokkar seg best. Tvo fuglar bera betre til reir enn ein. Minste fuglen syng fagraste. Fyrste fuglen får fvrste konne. Fuglen flyg aldri so høgt, han ikkje kjem nedatt til jorda eingong. Fuglen flyg aldri so vida, han ikkje hev same vengjene ved sida. Kjend fugl flyg beinaste. Reire er som fuglen er til. "Det smakar no av fugl", sa kjerringa ho kokte supe på ein pinne skjora hadde site nå. Det var korkje fugl eller fisk. Fuglen er ikkje so fager i handa som nå kvisten.
|
Det er lite um fuglen når fjørene er
av-ribba.
Fuglen er `kje fløygd med det same han kjem or egga. Den fuglen som syng for tidlegt, fer i katten fyrr kvelden kjem. Visste fuglen kor fatig han er, so song han ikkje so mykje som han gjer. Harka-fuglen lyt no einkvan staden fjuka. "Du kann gjerna syngja, du slepp svara skatt", sa mannen til fuglen. Nord og sør veit fuglane vegen. "Betre ein fugl i handa enn tie nå vagle", sa han som stal høna frå grannen. D'er godt for småfuglane at katten ikkje hev vengjer. U-fuglar bodar sjeldan godt ver (-noko godt). D`er alle fuglar or egg komne. Fuglen kjenner ein best på læte (på kvitringa). "D'er fine fuglar han far hev," sa guten, han sår ein kjøt-meis utfor døra. Ein hev 'kje den fuglen i handa, som fyk frammed stranda. Ein skal ikkje akta nå fugle-skrik(-kråkelæte). Han likjest den fuglen som fyl´ gauken (gauksfora,gaukespyta). Ein skal ikkje ottast fyrr at fuglen ikkje lærer fyka. Den fuglen som vil fyka fyrr har er flogbudd, dett ofte i saman. Utanskjers er sjøhyra likbunad, sjøfuglen klokkar og hav-brote prest. Verda er vid for vengjeskoten fugl. Um fuglen er aldri so liten, so hev han eit fu-egg. Jakt og fangst: Det eine auga ser etter fugl , det andre etter fisk. "Hadde du stade for denne enden, hadde du 'kje foke der," sa mannen, byrsa spende då han skaut på kråka. Ein fangar ikkje fuglen med tome handa. Ein får `kje skræma den fugl ein vil fanga. Vare fuglar vert og veidde. Det kjem ikkje steikte fuglar flygande. Fuglen er `kje fanga med det at han er funnen. Ein fangar `kje kloke fuglar med agner (-lettekorn). Ein skal `kje selja fuglen fyrr ein hev fanga honom. Den som vil fanga fuglen får ikkje skræma honom. Den fuglen ein ikkje kann fanga, får ein lata flyga. Ein lyt skjota på fuglen fyrr ein kan venta å få honom. D'er for seint for fuglen å fyka når skotet smell.
|
||
|
|
||||
|
|
Kråka:
D'er 'kje alle svin kråka rid på. Der vil 'kje vera djupt, der kråka skal va. Sopass fugl som kråka er vorten veidd fyrr. Krakje søkjer makje. Ein ser då fugl når ein ser ei kråke. Kråka er gjævaste fuglen, der ikkje andre fuglar finnst. Kråka tykkjer best om sine eigne ungar. Fykande kråke finn eitkvart til føde, sitjande kråke får svelta. Det gror um gangande for heime sit sveltande kråke. Fykande kråke finn alltid litt, men ho som sit, inkjevetta. Det kråka ikkje vil ha sjølv, gjev ho ungane sine. Når kråka ertar ørna, skal ho arta hetta si. Kråka ropar støtt sitt eige namn. Kråka vert ikkje kvitare, kor mykje ho vaskar seg.
|
Sjølv tykkje kråka at ho grev fint.
Den som læt døra stå opa, han eldar åt kråka. "Fan' ta pare," segjer kråka når ho ser på føtene sine - ho kan´kje symja. Der mange kråker um konne. Frå kråke-ting og kjerring-trette, held vitug mann seg vekke. Ho er 'kje høg i hetta, kråka i myrkeskodda. Kråka veit alltid kva auga ho skal hakka. Kråka er så misslika avdi ho jamt segjer sant. Det er snill mann som ikkje eingong bannar kråka. Kråka tykkjer ho fyk snøgt når ho fyk åleine. Det skal vel løynast som kråka ikkje skal verta var. Det er 'kje lønt å. kosta krut på kråka. Aldri so klein ein krake, han ikkje vii ha ein make.
|
||
|
|
||||
|
Sporven:
"Agta føtene dine," sa sporven, han dansa med merra. Sporven hev hus i kvar gard. Uglene: Berulven sit jamt åleine. Duene: Det kjem ikkje duve or ramne-egg. D'er kje greit å halda duvone og næpefræe frå einannan. Falken: Falkar bryr seg ikkje med å fanga flugor. Det kann 'kje alle fuglar falkar vera. Ein får vel flyga om ein ikkje er falk.
|
Hauken:
D'er kje alle fuglar haukar, sume er berre gaukar. D´er hauk yver hane (-og rev yver hjase). Når hauken er burte, er haren byrg. Når hauken kjem, gløymer hanane å hoggast. Ein skal 'kje setja hauken i hønsehuse. Hauk yver hauk, so lenge det er tvo att. D'er kvar hauk som han er halden til. Ramnen: Ramnen kann like godt ha det som kråka - dei er begge Vårherre sine fuglar. Når korpen skrik, er ulven nær attmed. Ramnen hoppar(spring) meir enn han går. D'er 'kje ramn alt som hev svarte fjører. Den eine ramnen høgg ikkje auga ut på hin. Den eine ramnen vil at dei hine skal vera like svarte som han sjølv. Det fer mangt i ramnereva som ikkje var etla til det. Fvrste sjøvere skal ramnen ha. Ein kann likso godt kalla ramnen kvit. Han fyk seint, ramnen, seinkveldes.
|
|||
|
|
||||