Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

 

MEISANE

og særleg kjøttmeisen er huslege fuglar og vel kjende og likte. Men trass i dette er det lite tradisjonsstoff kring dei. Kjøttmeisen har fått namnet sitt pga. at han er ein "saadan Elskere av Kiød, at den opsøger mindste Aabning paa Bondens Stafbur eller Spiis-Kammer, for at komme lnd og æde Kiød, hvori den indhuler sig, som en Muus...Den fanges som Muus i Fældett(34 ,134).

Ofte varsla meisane, og kalla teter eller titer, berre godt: "Møtte ein ei tete, skulle det gå godt" (N.Aurdal 16 ,12), men dei kunne og varsla feigt: Sette det seg ei meise på vindauga når det låg nokon sjuk der inne, tydde det at den sjuke snart skulle døy (Stjørdalen 17 , 21; likn.Sparbu 28,281, Verdal 35,74).

Ein sjeldan gong kunne ein og ta vervarsel av meisane: "Sat hanpigda(lauvmeis) i rapane og skreik "Te, te, te, te," vart det rusk om veret var aldri så fint".(9,86).

 

 


Granmeis

SPURVANE

er og kjende og heimslege fuglar. Det var eit godt merke om det var spurvar og meiser som dukka opp i juleneket. Spurvane og meisene gjekk ofte under fellesnamnet "småfugl"; ein skilde berre sjeldan ut dei einskilde artane og gav dei spesielle eigenskapar innafor folketrua.

Spurvane varsla ofte veret. Særleg var det snøspurven og gulspurven som såleis varsla snø når dei kom nedimot bygda(mst), eller det kunne rett å slett bety ruskever (Suldal JS), Like— eins når gråspurven (Gauldal 13 ,35) eller gulspurven (Saltdal 22, 125) sat og let sitt "Kvitt! kvitt!": Då vart det sjølvsagt snø.

Spurvane kunne og dåra. Mange stader i landet helter det at ein ville bli plaga med byller dersom ein vart dåra av snøspurven(Hedmark 4,83; Salten 17 ,174).

 


Gråspurv

I folkemedisinen er det ei utbreidd tru at ein skal kurera likt med likt. Såleis skulle ein eta kjøtet av gulspurven dersom ein hadde gulsott: "Um pasientane hadde gulsott brukte "Mekjel -Jartrud" å koke ein gulsporv og late dei drikke sodet. Sporven kokte ho heil, med fjør og innmat. Men det er ikkje visst at dei sjuke alltid fekk vite kva det var dei sette i seg"(Innvik i Sogn 33,98). Motsett heitte det at ein ikkje måtte røra egga eller ungane til gulspurven. Då ville ein få gulsott(Sunnmøre 17,218).