Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

LOMEN

Er ein fugl som opp igjennom tidene vel har vore meir høyrd enn sett. Det klagande, mest menneske liknande lome-skriket har folk alltid synest har hatt noko mystisk over seg, der det høyrdest frå sjøar og småvatn i skumringa. Trua på overnaturlege vesen som gasten, nøkken o.l. har heilt tydeleg henta næring frå dette skriket.

Elles var lome-skriket eit mykje nytta vervarsel: "Når lomen låg på vatnet om våren og huja som han skulle vera i naud, då var det ruskever i kjømda. Men så kunne den ropa "turkar av, turkar av." Då kunne ein venta varmt og godt ver" (Suldal NKB). Liknande finst over heile landet: Sa lomen "Kvelv av vatn, kvelv av vatn", vart det regn. Men sa han: "Tørk han av, tørk han av", vart det høytørk eller torvetørk (Senja 21, 122); Kakara tydde røyt han av! (=klårna opp). Såleis ville det bli godver. "Men skrik han i lange illelåtande tonar vert det regn, og ein kan vente ein uversbolk" (27, 141).


Storlom

  Berre sjeldan varsla han død, og då helst drukning, med skriket sitt (Østerd., Jæren 17, 225). Men derimot var det ille å bli dåra av lomen, ofte spådde dette stor sorg. I Telemark har ein såleis namnet "lomesorgen" som uttrykk for den største sorga ei kan tenkja seg (5, 78; 4, 83 o.fl.). Elles heitte det at ein ville gå med turk, turke opp dersom ein vart dåra av lomen (Ø. Slidre 10, 156, sml. låten ovafor).

Ein skil gjerne mellom på den eine sida storlomen og smålomen som begge er meir typiske innlandsfuglar, og på den andre sida islomen, som er ein meir typisk havsfugl. Han kom berre sjeldan til lands: "Det aller forunderligste er, efter alles enstemmige beretning, immeren (Islomen) aldrig sees at komme til lands, undtagen i den uge nærst for Jule-Festen, hvoraf og saa den fierde søndag i advent her til lands af Almuen kaldes Immer- eller, efter nogles Udtale, Ommer-Søndag" (36, 131f). "Då må ingen spinna, for elles kjem ikkje fuglen seg til lands" (Volda 27, 30). På Sunnmøre trudde dei at denne fuglen hadde reiret sitt på havbotnen. Ein sa og at han bar egga sine under vingen i to hol, som fantest der (17, 225; likn. 36, 131f).

SKARVEN

er ofte blitt nytt som vermerke for sjøfolk. Skarven har ikkje vassavstøytande fjørdrakt, derfor ser ein han ofte sitjande på skjær og holmar med vengjene utstrekte for å tørka dei. Dette vart av fiskarane teke som eit merke på tørrver (Senja 21, 122). "Er det gråver, ropar fiskarane til skarven: "Jakob, tørk vengan dine!" Dersom skarven då lyfter vengjene eller held dei uppe, så vert det solskin" (Nord-Salten 11, 15). Elles såg dei på om han flaug høgt over sjøen. I så tilfelle ville det bli storm. Flaug han derimot lågt, vart det stille og godver (Sunnm. 18, 66; Alstahaug 20, 93).


Storskarv

Skarvefangst er blitt drive på Rott frå gammalt av. Fangsten føregjekk ved at ei tok ungar frå reira til skarvane. Ungane vart salta i tønner til mat om vinteren. Utbyttet kunne komma opp i 1600 fugl pr. sesong. Fangsten gjekk føre seg etter visse reglar. Oppsittarane på øya hadde rett til å utnytta kolonien etter storleiken på bruka sine.

Ca 75% av ungeproduksjonen vart teken. For ikkje å øydeleggja bestanden, vart det ikkje fanga fugl i det heile kvart 4. år.

Mellom 1920-30 vart toppskarven bort frå Rott. Då hadde Rott og øyane ikring allereie vore freda i 10-12 år, slik at det var forbode for uvedkommande å ta egg og driva skyterier der. Mykje tyder på at det var rotter som kom til øya og som tok knekken på skarven og ikkje den tradisjonelle fangsten. Denne beskattninga vart nemleg tålt veldig godt av bestanden, og det vart ikkje nedgang i talet på rugande par på øyane. Fyrst då rottene kom til øya og folk byrja driva jakt på vaksne fuglar med motorbåt, gevær og garn, gjekk det ut med kolonien der ute.