Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

 



LERKA

finst det lite tradisjon om. Ho vart ofte rekna for ein lukkefugl. Ho låg mykje nede på bakken, men greidde ein å skrema henne opp, ville ein ha lukka med seg (Sparbu-28,272).

 


Sanglerke

LINERLA

var og lukkefugl. Ein måtte ikkje røra reiret hennar eller skada henne nå annan måte(Hjelmeland PH). "Linerla vart sedd nå som fredlyst. I allfa3l mælte foreldra føre at me ikkje måtte drepa eller skada den på nokon måte. Me hadde sprettebogar som me skaut etter fuglar med, men erla fekk vera i fred"(Suldal NKB).

Ho vart rekna for eit sikkert vårteikn. "Når bu-erla(=linerla) kom, var all bunaud forbi - då grønkast det i liene"(Telermark 5, 78). Elles trudde dei, som med svala, at ho gjekk i dvale om vinteren, anten i sjøen (Hardanger 8 ,57; 9 ,82) eller i tjern og innsjøar (Hedm., Busk., Mandal 17,217). Men det kunne og heita at ho følgde grågåstrekket ved at ho sat på ryggen til gåsa( 28, 274).
Linerla var merke på at bonden kunne byrja så, derfor vart ho då ofte kalla såerla(mst 1 ,217). Elles beit dei seg merke i kor linerla sat fyrste gongen dei såg henne. Det var vanleg tru den gong ein dyrka lin her til lands, at dersom ein såg linerla sitjande på ein høg stad eller flygande høgt i lufta, ville og linet voksa seg høgt. Sidan har denne trua mykje gått over til å gjelda kornet: "Når dei var ute i våronna, kunne dei taka varsel av den vesle fuglen linerla. Flaug ho yver hestane, varsla det um godt år. "Det vert emne nok i kornet i år", kunde dei t.d. seia dersom dei såg det. Såg de! derimot at ho sette seg på åkeren, så skulle det verta berre 'stubbar' og agner av.

Men sidan linerla er ein fugl som helst held seg på bakken, meinte mange det var meir om å gjera å akta på kor ho sat; "Der-som linerla sat på marka og der var grønt, ville det bli god sumar. Dersom ho sat på stein eller anna som ikkje var grønt, ville det bli dårleg sumar"(Suldal). Liknande har ein trudd over store deler av landet. Beste merket var det om ein såg henne før-ste gongen på møkkdungen(Balestrand 23 ,104; Sogn, Sunnfj.17 ,218) Det var og godt om ho sat på svart mold(Nordfj. 33,150; Alstahaug 20 ,93).

Likeins kunne den fyrste linerla spå om korleis det skulle gåfor ein sjølv det året: "Såg ein mest av dei svarte fjørene hjå linerla 1. gongen om våren skulle ein ikkje få det så bra, men såg ein mest av dei kvite, gjekk ein ei ljos framtid i møte" (Hjelmeland 1(H). Såg ein derfor det svarte i brystet på linerla fyrst, spådde det ille. Derfor heitte det "Spreng sjettela hell rengela onna dæg går de dæg gått"(Sparbu 28,274). Liknande har vore ei vanleg tru over heile landet, o~ tradisjonane kring linerla er i det heile særs eintydige. Den einaste oppskrifta som skil seg noko ut, kjem frå Odda: Ein skulle kasta stein et-ter erla fyrste gongen ein såg henne om våren. I den retninga ho då flaug, skulle ein flytta når ein gifta seg( 8 57). Men flaug ho mot kyrkjegarden, skulle steinkastaren døy det året (Ullensvang sst; qranvin, Kinsarvik 9 ,82).

 

STAREN

finst det etter måten lite tradisjon omkring. Han vart ofte sett på som ein lukkefugl(Mandal (17 ,191), men kom han tidleg på året, vart det ein sein vår(Gloppen, Breim 33 ,150). Likeins såg dei nå om han var grå eller blank då han kom. Var han gråleg og glanslaus, vart det eit dårleg år (Østerd. 19 ,138).

Staren vart nytta innafor magien: "Når du vil vende hugen åt e jinte tel deg, så sker du drepa en stær å ta hjærte hass å sy inn i en liten klut. Bær du de millom høgre stortåa å peketåa å trår på bena tel den jinta du er gla' i, så vil ho bli di"(Elve-rum 34 ,73).

 

 

LAVSKRIKA

var oftast ein vond fugl å komma ut for. "Flaug ei raudskjorte (=lavskrike)over vegen fleire gonger når du skulle på veiding, kunne du snu. Ho var eit dårleg møte"(Ø.Slidre, N.Aurdal 16,11). "Skal du til skogs på arbeid, og der fær lavskrikskokken ikring, kann du likeso venda med det same, for anten kjem du til å hogga deg sjølv, eller so høgg du sund øksa di"(Østerd. 19 ,83).Liknande meining hadde ein fleire stader i landet (t.d. Valdres 16,83; Elverum 34, 72). Det heitte og at børsa blei skjemd når ein skaut på lavskriker (Vang i Valdres 16,23).

Alt i alt må vel lavskrika reknast for ulukkesfuglen framom nokon. Det var vel ikkje for ingenting Linné gav fuglen det lat-inske namnet Garrulus infaustus, dvs, den ulukkesvaldande prat-makaren.

   


Lavskrike

NØTTESKRIKA

varsla og uhell dersom ein møtte henne. Ein skyttar kunne likegodt snu når han høyrde henne skrekla(Sparbu 28,61). Elles vert det sagt at ho ventar regn dersom ho skreklar mykje(Velfj. 20, 93).

Folk har og merka seg at nøtteskrika er fæl til å draga i-kring og samla forråd, "men av di ho dreg så mykje saman, trur ho at ho er rik. Derfor skrik ho "Rik, rik, rik, rik!" Men om våren er ho så arm når ho ikkje finn att noko, at ho flyg og skrik: "Ei mark for griselorten! Ei mark for griselorten!"(Bø i Tel. 2 ,134).

 


Nøtteskrika