|
Generell del.
Innleiing
Jakt
og fangst
Fuglane
varsla
Fuglane
i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet
Spesiell del
Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa
og jerpa
Årfuglen
Tiur
og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane
APPENDIKS
Segner
Eventyr
Ordtøkje
Gåter
Truer og varsel
Jakt og fangst
Informantliste
Litteratur
Lenker
|
|
KRÅKA
er og ein fugl som og for ein stor dei er knytt til menneska og menneskelege aktivitetar. Av denne grunn finn ein og ein dei tradisjon kring denne fuglen. Det er m.a. den einaste fuglen ein har funne plass til på primstaven, nemleg som teikn for Gregorsmessedagen (12. mars), derfor verset:
Gregorsmøss må dokk vente meg, Marismøss kjem eg no visst, og kjem eg itte da, so kjem eg om det er på en stav (Dalsbygda, Østerdalen 19,125 ).
Kråka er varselsfugl framom nokon. I alle høve er tradisjonane kring kråka si evne til å bera bod om framtida meir ueinsarta
enn for andre fuglar. Som oftast spådde ho ikkje noko godt: "Der-som kråka skrik or grev etter deg, spår ho deg ei ulukka"(Vester-ålen, Lofoten, Salten 11 ,14). Ofte varsla det ille dersom ein møtte kråka når ein skulle ut og fiska: "Held ho på mykje på veg-en og skrik, skal ein ikkje fara på sjøen. Eingong forteljaren skulde sigle ut, så sette kråka seg i riggen og skreik. Han sigla ut likevel, men det vart eit havsens uver, så det var herre med nauda dei korn til land att, og ein mann gjekk over bord og drukna. Ein annan gong han skulde ut heldt og kråka slikt leven. Den gongen vart det og uver, og han sigla av mastra før han kom til lands att"(Velfj. 20 ,92).
Kråka er såleis meir ein ulukkesvarslar enn ein dødsvarslar. Det er herre få oppskrifter om dette siste: Ein skulle gje kråka mylje (flatbrød som er oppblautt i kjøtsodd og overhelt med kjøtsø). Ein måtte gje henne ein hete for kvar i huset. Den personen som åtte den beten kråka ikkje åt, han var feig(Sunnmøre 1 ,116-118), Noko meir utbreidd har trua vore om at dersom kråka sat og "grov" i jorda, varsla det feigt (Verdal 35,75 o.fl).
Kråka var mykje nytta som værvarslar. Dersom ho samla seg i store flokkar på bøane og .engene, varsla ho regn (Gauldal 13 ,35; Hedm. Sunnmøre 18 ,59). Men flaug ho høgt, varsla det godver (Granvin, Kinsarvik ~? ,83). "Flaug kråka høgt når ho om kvelden flytta til overnattingsplassen ute nå holmar og øyer, varsla det godt ver"(Karmøy JH).
|
|
Ei utbreidd tru har vore at dersom kråka
bada seg, ville det bli regn (mst 18,60). Utidig kråkeskrik tydde og ofte uver (Sunnmøre, Namdalen 18,59; Østerdalen 19,138):
Skreik kråka tidleg ein søndags morgon, vart det dårleg ver heile veka (Nordhordl., Sunnmøre 18,22), "Gol kari (kråka) oppi fjære-steinane, så vart det eit dårleg sjøver den dagen"(Nesna på Helge-land 20,75).
Kråka kunne og varsla for andre ting: "Når vågakråka kom, så var lofotfolket sikkert ventande heim (Kråka held seg ute med havet om vinteren og kjem attende til dei indre fjordstrøk når våren kjem)"(Vefsn1t~,79), eller: skreik kråka over saueflokken, var reven ikkje langt vekke(Sunnfj, 17 ,188).
Var kråka ein av dei mest pålitande spåfuglane våre, var ho og ein av dei verste dårefuglane. Gjekk ein fastande ut ein vårmorgon og vart såleis dåra av kråka, skulle ein verta grådig det året (Telemark 5 ,78), ein kom i bygdesladder (Hedmarkq ,83; Hedem., Namdal 17 ,174), eller ein vart full av utøy det året (mst. 17 ,174). Sat kråka fyrste gongen ein høyrde henne det året, ville ein bli lat, men flaug ho, ville ein verta flink og flittig (Lista :9,189). Sat ein sjølv når ein fekk høyra henne fyrste gongen, vart ein og lat (Mandal, Buskerud sst).
|