|
|
|
|||
|
Generell del.
Innleiing Spesiell del Lomen APPENDIKS Segner
|
INNLEIING
I det gamle bondesamfunnet hadde folk eit nært tilhøve til naturen. Som oftast har det vore tale om eit tilhøve som folk var reint avhengige av, der bonden nyttiggjorde seg dei ressursane naturen baud på. Svært mykje av det som veks i skog og mark vart nytta; bork, lauv, gras o. l. som for til dyra, ville bær og urter som mat eller medisin for menneske. Det er då og gjennom atskillege publikasjonar, m. a. Ove Arbo Høegs: "Planter og tradisjonar", gitt fyldige framstillingar av den nytten ein har hatt av dei ville vekstane i norsk kulturhistorie. Men når det gjeld dei ville fuglane sin plass i den norske bonden sin kvardag, er det ikkje gitt noko samla framstilling frå norske tilhøve. At bonden nytta seg av fuglane på mange vis, er vel kjend. Det er blitt drive jakt og fangst av fugl for kjøtet si skuld. Ein har nytta egg av ulike ville fuglar. Fjør og dun har ein og teke vare på til ymse bruk. Forutan ei slik direkte utnytting utifrå næringsomsyn, er fuglane og blitt brukte som element innafor folkelege førestellingar og overtru. Mange av desse førestellingane var heller ikkje utan ein viss nytteverdi for bonden, sjølv om hans idear kring desse tinga svært ofte hadde lite med røyndommen å gjera. Fuglane vart såleis nytta innafor folkemedisin. Dei vart sedde på som pålitande værvarslarar, og ein tok gjerne varsel om dødsfall, årsvokster o. l. av dei. Andre truer kring fuglane hadde lita nytteverdi for folk før i tida, men gjekk likevel inn som viktige deler av bonden sitt strev og ønske om å forklara samanhengane i naturen kring han. Det er med eit slikt utgangspunkt som her er skissert me meiner det er på tide å prøva å gjer eit samla oversyn over fuglane sin plass i kulturhistoria vår. Me har då i denne oppgåva vald å leggja hovudvekta på jakt/fangst og anna direkte utnytting av fuglane, i tillegg til dei varslar, truer og folkelege førestellingar om dei ein finn rundt om i landet.
|
Av omsyn til omfanget av denne
oppgåva har me måtte luka bort ein del emnar som kunne ver aktuelle
innafor ramma vår, "Fuglane i norsk kulturhistorie". Ein kunne
bare nemne fuglane i mytologien, fuglane i stadnamn og annan språkleg
tradisjon, fuglane i folkekunsten og anna.
Oppgåva er meint å gje eit samle landsoversyn over dei tradisjonane som finst kring fuglane våre. Men grunna mangel på nedteikna opplysningar kan det nok bli ei skeiv fordeling av stofftilfang frå dei ulike landsdelane. I Rogaland finst det til dels lite og ingenting av nedskrive materiale kring emnet. Derfor har me vore nøydde til å gå ut med spørjelister til eldreheimar og einskildpersonar over heile Rogaland, for i det heile å finne stoff her i frå fylket. Ei slik skeiv fordeling kan og ha si årsak i at fuglen eller tradisjonane kring fuglen er avgrensa til visse landsdelar (sjå til dels hegren). Me var og så heldige at me fekk lov til å laga ein utstilling kring dette emnet i løpet av praksisperioden vår. Me vil såleis retta ein takk til Stavanger Museum for den hjelp me fekk til å setja opp denne utstillinga og den hjelp me elles fekk under arbeidet med den skriftlege oppgåva (spørjelister m. m.). Som vedlegg vil ein finne ei dokumentasjon av denne utstillinga samt ei vurdering av praksisperioden i det heile. Vedlagt er og eit eksemplar av det introduksjonsheftet me delte ut i tilknyting til utstillinga. Og til slutt ein takk til dei mange heimelsmennene me har vore i kontakt med kring om i Rogaland. Lasse Waage. Terje Jonassen. |
||
|
|
||||
|
|
|
|||