|
|
|
|||
|
Generell del.
Innleiing Spesiell del Lomen APPENDIKS Segner
|
HUBROEN
har, mest på grunn av den noko uhyggelege låten sin, og sett folkefantasien i sving. Han har fått namnet sitt på grunn av denne låten: "Hu bror!" sa Kain mæ sama `n kjøyrde kniven i bror sin. Sea blei'n te ein fuggel o konna kje séa ana"(Numedal3O,8; likn. Bø i Tel. 3 ,133).
|
|
||
|
|
||||
|
var i folkelivet namnet på mange mindre ugleartar. Tilliks med hubroen har ho helst vorte nytta som feigdarvarsel, og då særleg om ho ula nær husa: "Tri Sekse-konor slokna mest samstundes. Det belet var det ein fæla leik tå ulor ikring husi. På morbror for, kom det ulor og sette seg i tunbjørki. Dei løyste skot på dei, men fekk inkjevetta"(Ullensvang 4 ,87). Frå Verdal heiter det: "Kattugla var dei gamle fælt redde. Når ho kom nær husa og skreik, sa ho: "Dra ut, kle kvitt". Var det eit kvinnfolk som skulle døy, sa ho: "Kun hu"( 35,75). Men sjølv om kattugla var eit pålitande feigdarvarsel, var nok hubroen farlegast likevel: "Å høyre ei kattule i nærleiken er og fårleg, men det spår ikkje bråfeigd som bergula gjer"(Møre
27.,29). |
Kattugla kunne og gje varsel for andre ting. Sette ho seg såleis nå bua og skreik, vart det uår or dyrtid, men det var eit godt varsel om ho bygde i løa (Wilse: Spydeberg s.56). Og det var eit dårleg merke dersom
fiskarane råka henne på vegen.
|
|||
|
|
||||