Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker



HAUKEN

saman med ørna og uglene, vart rekna til "klodyra", dvs. dyr med rovdyrklør. Men om hauken heitte det at han mista klørne sine om våren, av di han ikkje skulle drepa foreldra til fugleungane. "Det er Vorherre, som har indrettet det saaledes" (Mandal 17,165). Elles skulle ein kunne verga hønene ot hauken ved at ein vog dei påskemorgon i ei korg. Då ville ikkje hauken ha makt til å ta dei om sommaren (Verdal 35,94).

 

ØRNA

er eit rovdyr og samstundes vår største fugl i det heile. Slik sett er det ikkje rart om ho har fått ein brei plass i norsk kultursoge.

Det er ei eldgammal førestilling at ørna aldri døyr. Såleis heiter det frå Mandal: "Ørnen dør ikke. Naar den bliver gammel, flyver den saa højt op i Luften, at den bliver brænt paa Vingerne af Solens Straaler. Naar den saa er fallen ned til Jorden igjen, forvandles den og bliver paany ung" (17, 163;likn.Sunnfjord).

Ein slik mystisk fugl har ein sjølvsagt visst å nytte seg av i magi og folkemedisin. Såleis har ein skrapt av det gule på ørneføtene mot gullsott (Sunnmøre 37,262). Frå Senja heiter det: "Ho mor hadde ei ørneklo i fjøsen, og den kloa drog ho etter ryggen på lamma før ho sleppte dem ut om våren. Då tok ikkje ørna dem" (21,107).


Havørn

Dette med at ørna har teke fe, og til dels ganske store dyr og, finst det mange segner og minner om. I Bjerkreim er det m.a. eit kjent sagn om at ørna ein gong flaug over Ørsdalsvatnet med ein 3 punds ver (T.F. o.fl.). Det finst og både segner og minner frå nyare tid om at ørna har teke småbarn, og det finst endåtil folk som lever den dag i dag som meiner dei har vorte tekne av ørna i sin barndom. I Rogaland finst og stoff om slike hendingar: "I Fjogstad-skaret, Hommersåk, var der fleire ørnar, 3 trudde del. (Eg) var 7 år då eit jentebarn vart borte f rå garden. Dei fann skoa hennar. Folk gjekk manngard og lette etter barnet. Skoa fann del i eit stort tre, og folk var visse på at det var ørnane 4 som hadde teke barnei. Det er no (1980) 80 år sidan, og (eg) minnes det godt kor uhyggeleg dette var"(Sandnes AS).

Som for andre klodyr, hadde ein visse fordommar mot å nemna ørna ved sitt rette namn, særleg om ein var på sjøen:"Ein måtte ikkje nemna ørna medan ein var på sjøen, for då ville ein ikkje ha noko fiskelukka Fiskarane sa difor alltid jana, når dei tala seg imillom om ørna ute på sjøen"(Nesnai~.O,75).frå Sunnmøre kalla dei henne såleis for "væsa"( 37 ,536) eller "styggefuglen"(17 ,163). Men elles var det ofte eit godt merke når ørna korn dersom ein skulle ut og fiska( Helgel. I7 ,164; likn. Senja 21 ,102).

 

Mykje av årsakene til at rovfuglane er blitt så sterkt etterstreba, spesielt i dei siste 150 åra, kan forklarast ut i frå 2 ting:

For bonden var fleire av del store rovfuglane eit trugsmål mot buskapen hans. Ørna vart av den grunn ein hata fugl del fleste stader og vart nedkjempa med alle middel. Ein plyndra reir der det var mogleg, ørna vart skoten og teken med fotsaks på åte om vinteren. Dessutan vart ørna teken levande i såkalla ørne- hus. Det var eit hus som ofte var bygd opp av steinheller, stein og torv og stod på ein høveleg stad. Utanfor skjulet vart det lagt åte som det var bunde eit tau i. Dette tauet forsvann inn i ei fangstglugge som vart nesten heilt tildekt av grastorv og vidare inn til fangstmannen. Når så ørna sette seg og tok for seg av åtet, var det mogleg forsiktig å trekkja i tauet slik at ørna kom nærare og nærare fangstgluggen utan at ørna var klar over kva som skjedde. Når ho var kommen nær nok, måtte fangstmannen snøgt skuva torva vekk og ta godt tak i beina på ørna, Ho vart så dregen inn i skjulet og slegen i hjel (44,160f).

Ein annan grunn til å kjempa mot rovfuglane vart hevda av sportsjegarane. Frå gammalt av visste ein at ein måtte kjempa mot rovdyra for å kunna halda på husdyra. Det var derfor naturleg å trekkja parallellar til det matnyttige og jaktbare viltet. Sidan rovfuglane drep ryper, må med kjempa mot, helst utrydda rovfuglane for å auka rypebestanden. Derfor gjorde Norges Jeger-og Fiskerforbund rovdyrbekjempelse til merkesak. Alt som kunne kallast rovfuglar, frå. små. ugler til fiskeørn, havørn og hubro, vart det jakta på. Stat og fylke betalte skotpremie og forbundet tilsette reisande instruktørar i rovviltjakt. Det vart t.o.m. stifta ei eiga foreining "Foreningen til utryddelse av rovdyr" i. 1909. Men frå 1915 og utover vart det hevda eit anna syn: Rov- fuglane er eigentleg pleiarar av viltet i naturen, for del tek sjuke individ og hindrer epidemiar i bestandane. I dag er' alle rovfuglane totalfreda i Noreg.(49,43ff).


Kongeørn

FALKEN


Jaktfalk

Jakt ved hjelp av dresserte falkar er ei eldgamal jaktform og har gamle tradisjonar ulike stader i verda.

I Asia og på dei aust- og søreuropeiske sletter passa denne jaktforma best. Dei som dreiv med denne jakta var fyrstar, adelen og andre velsituerte, og dei kunne ha tusenvis av hjelparar til dette bruk. Jakta gjekk føre seg på den måten at

følgjet reid ut på jaktfeltet der folk eller hundar jaga opp viltet. Jaktfalken, som sat på handa til eigaren, falkoneren, hadde ei hette over hovudet så han ikkje skulle sjå noko. Denne hetta vart så teken av når byttefuglen flaug opp. Jaktfalken oppdaga straks fuglen. Falkane hadde ikkje fått mat på lenge, del var svoltne og sette til vers for å forfylgja og gripa eit bytte. Så var det for jaktfølgjet å ride avstad i stor fart for å følgja og finna falken som var utstyrt med ei lita bjølle i beina eller i halen, slik at han lettare kunne bli oppdaga.

Når falken hadde slått byttet og fått den ned på bakken, ville han straks gå. i gang med å ribba byttet for fjør før han gjekk i vei med måltidet. Men det fekk han ikkje lov til, og byttet vart teke ifrå han. Istadenfor fekk han ein annan kjøtbit av eigaren, og vart deretter sett på armen med hetta over hovudet til han vart sluppen på ny.

Ved dei fleste europeiske hoff stod falkejakta på sitt høgaste i det 17. hundreåret, men vart somme stader praktisert inn i det 19. hundreåret. I Noreg har jakt med dresserte falkar bare blitt drive i særs liten målestokk. Sagaen omtaler nokre få slike episodar på slettene i Østfold.


Dvergfalk

Derimot er fangst av jaktfalken blitt driven i stor stil. 0rdet "jaktfalk" blir brukt om alle falkeartane, frå den minste, dvergfalken, til den største, jaktfalken, som var den som stod høgst i kurs. Også vandrefalken var etterspurt, og saman med jaktfalken vart denne fanga i store mengder i Noreg. Me f inn falkefangst og jaktfalkar omtala fleire gonger i sagaen. T.d. skulle Håkon Jarl betala ei årleg skatt på 60 falkar til danskekongen Harald Blåtann. I 1262 sende Håkon Håkonsøn. fleire falkar som gave til sultanen av Tunis. Magnus Lagabøter bestemte i landslova si m.a. at " alle hønsehaukar og alle falkar som hekker i

  fjella, dei eig jorddrotten. Men vil han selja falkar, skal han fyrst bjoda del til kongen framom andre menn.

Den enklaste måten å fanga falken på, er å. oppsøkja reirplassen. Her kunne ein lett ta med seg halvvaksne ungar frå reiret til oppforing og dressur, men dette resulterte sjeldan i gode jaktfalkar. Fangstfolka føretrakk å. fanga vaksne individ som allereie hadde tileigna seg jaktkunnskaper på eiga hand.


Jaktfangsthytte

 Dette kravde eit spesielt arrangement som bestod i ei fangsthytte som fangstmannen kunne skjula seg i og ei høg mast som ein lokkefugl kunne heisast opp i. På utsida av skjulet, sat det ein varslar (ein fugleart) som gav lyd frå seg og meldte dermed frå til fangstmannen at det var ein falk i nærleiken, Då trakk fangstmannen i eit tau og heiste opp lokkefuglen i masta. Skrik og vengjebaksing fanga interessa til falken som Så prøvde å slå lokkefuglen. Då var det for fangstmannen så snøgt som råd å. dra lokkefuglen ned på bakken att. Var han heldig, fylgde falken etter, og ved å dra i eit anna tau, vart det kasta eit nett over falken.
Vandrefalk

Det er fortald om ei utbreidd falkefangst i Noreg i gamal tid. Frå det 16. opp til det 18. h.å. vart fangsten driven i særleg stor stil. Det var ofte utanlandske spesialistar som dreiv denne fangsten hjå oss. Visse hollandske slekter hadde spesialisert seg på. denne forma for levebrød og falkefangar- kunsten gjekk i arv frå far til son.

Kvart år kom del att til visse fangstplassar i fjella våre. Den prisen fangarane fekk for ein udressert jaktfalk kunne vera ca. 5 daler. Ein dressert, ekte, jaktfalk vart betalt med 200-300 daler, ein ufatteleg sum etter vår tids verdi, kanskje ca. 50 000 kroner, så det er lett å forstå at falkejakt var rikmanns sport.

Mot slutten av det 18. hå. avtok interessen for falkefangsten i Noreg sterkt. Ein av grunnane til det var at skytevåpenet kom meir og meir i bruk og jakt med dresserte falkar kom meir i bakgrunnen, vart umoderne om ein vil. Denne forma for jakt ved fyrstehusa i Europa vil for alltid bli ståande som eit eventyrleg og til dels meiningslaust skodespel, ei slags middelaldersk jetset tidtrøyte.

I våre dagar blir denne sporten driven i m.a. Arabia, India og Kina og fleire europeiske og amerikanske sportsklubbar har fatta interesse for jakt med dresserte falkar. Dette har ført til at utlendingar kjem til landet og røvar falkeungar frå reira.

Falkane er p.g.a. miljøgifter særs truga frå før, og det er få. par som hekker i landet vårt nå. Dessutan er alle rovfuglar freda, så her gjeld det å vera på vakt slik at det ikkje går med falken som det t.d. gjekk med geirfuglen.(Kjelde: Edvard K. Barth: Jakt med falk i gammel og ny tid. Villmarksliv nr.9. 1977).