|
|
|
|||
|
Generell del.
Innleiing Spesiell del Lomen APPENDIKS Segner
|
FUGLANE
VARSLA
Varsel av fuglane vart, som ofte elles når ein tok varsel av ulike ting i naturen, ofte knytt saman med det uvanlege. Det var slett ikkje daglegdags at det sette seg fuglar og pikka på vindauga. Skjedde dette, varsla det for noko, oftast død, feigd. Slike fuglar som kom til husa og tedde seg på ein spesiell måte, vart kalla tidende-fuglar (vanl.17, 213). Det var særleg visse fuglar, som t.d. uglene (s.d.) som p.g.a. spesielle og uhyggelege låtar eller særskild framferd, vart knytte saman med døden og det vonde.
|
Men oftast bar fuglane bod om
vær og åring. Her var det og det uvanlege folk la merke til. Visse
fuglar hadde spesielle låtar dei tok fram når dei venta værskifte (jfr.
t.d. lomen og hakkespetta). Ein merka seg og fuglar som var komne bort
frå sin eigentlege tilhaldsstad. Kom såleis fjellfuglane ned i liene
eller sjøfuglane inn mot land, varsla det for vær og vind. Bada fuglane
seg, vart det uver (Hjelmeland PH), sameleis om dei samla seg i store
flokkar på bøane (sml. t.d. kråka).
På same måten varsla dei for året og grøda: "Kom det ein kvit fugl på åkeren medan dei sådde, vart det teke som eit godt varsel, men kom det mykje mørk fugl, særleg kråka, var det mange som meinte det var nyttelaust å så" (Inderøy 23, 101). Sjå elles meir om dette under dei einskilde artane.
|
||
|
|
||||
|
FUGLANE
I MAGI OG FOLKEMEDISIN
Vegen er ikkje lang frå det heilage og omtykte til magien og dei overnaturlege maktene. Mange overnaturlege vette har utan tvil fått opphav og næring ifrå fuglane. "Utboren" eller "roparen" var såleis eit vesen som etter folketrua hadde oppstått ved at ein ikkje hadde brent etterbyrda etter fødselen. Det kunne og vera sjela til eit uønska barn som var blitt fødd og drept i dølgsmål. Det for ute på visse stader om kveldane og nettene og plaga folk med skrik og sjau. Årsaken til desse "ulåtane" har i regelen ikkje vore noko meir enn ei eller anna ugle: "Han Jo Erikso fortalde om Roparen bort i Roberga. Han skreik som eit barn somtid om nettene. Han flaug i lufta, og han såg ut som ein "linda våk" (Hemne 26, 106). På same vis var det med den såkalla "gasten". Det var sjela etter ein som medan han levde hadde flytta på grensesteinar. Om kveldane kunne ein høyre dette vettet der det kava med å slepa desse steinane attende på sin rette plass. Ein høyrde han le ein fælsleg lått der han fekk tak i steinen og ei ennå fælare hujing og skriking når taket glapp for han att. Det er vel og ein fugl, truleg lomen, som har gitt grobotn for denne trua. Ofte kunne ein sjå menneskesjela som ein fugl: "Med ein dregst med dauden, møter dei opp både dei gode og dei vonde maktene og vil ha sjela åt seg. Mange har då set ein kvit og ein svart fugl har møtt opp og dregst om sjela. |
Då Finnguten låg sist
på i Flisberget, visste han om dette. Han kom frå Finnskogen, og hadde
fare med trolling. Han bad mannen sjå ned kring husa, kven som van tå
dei to fuglane som dreiv der og slost om honom. Då mannen gjekk dit,
flaug det ein kvit fugl, og ein svart sat att. "Det vart inga råd
for meg da", sa guten, då han høyrde den kvite hadde tapt"
(Østerd. 19, 76). Det fortelst og ofte om at ein opne vindauga og ljorer
for at sjela, i skapning av ein fugl, kunne få flyge ut idet den døyande
anda ut.
Mange fuglar stod i nært samband med det vonde, t.d. skjora. Dei kunne såleis setja vondt på ein. Særleg måtte ein vere varsam med å kasta ut avklipt hår. Ein måtte helst brenne det, så ikkje fuglane kom og tok det. Om så skjedde, ville ein få vondt i hovudet (Mandal 25, 15) eller bli snau (Lyngdal i Numedal 29, 7). Ein måtte og vere varsam med å herma etter fuglane (sjå t.d. u. gauken). Det kunne hemna seg. I Sparbu heitte det at då ville ein verte fugl sjølv (28, 257). Særleg rovfuglane hadde folk respekt for. Ein hadde fordommar mot å nemne dei på namn, særleg dersom ein var på sjøen (jfr. ørna). Eit vanleg verneråd mot vonde makter var å hengja daude rovfuglar, mest hønsehauk, like over stalldøra (Hedm. 17, 109: sml. og skjora). Det var og utbreidd tru at dersom ein fekk fjør frå visse fuglar, helst rovfuglar og høns, i sengkleda, ville den sjuke liggje og dragast med døden utan å slokna (mst. 17, 171). |
|||
|
|
||||
|
DÅRING
Ei gammal og vidspreidd førestilling går ut på at ein ikkje skulle gå ut på markene fastande om våren. Høyrde ei såleis ein av vårfuglane på tom mage, stod ein i fare for å bli dåra - fuglen "dreit på ein", som ein og sa. Visse fuglar var farlegare dårefuglar enn andre, slike som gauken, lomen, snøsporven, kråka og århanen. Og dåringa kunne og, alt etter kva fugl det var, gje ulikt resultat (sjå meir om dette under dei einskilde artane). Ein akta seg derfor vel for å gå utandørs om vårmorgonane utan i det minste å ha ein brødbite i munnen. Og var ein først blitt dåra, var boterådet å bita ei eit friskt tre. Då ville det vonde gå over i treet (5, 78; Ø. Slidre 10, 156).
|
TREKKFUGLANE
Folk hadde før i tida berre ei vag førestilling om kor trekkfuglane tok vegen om hausten. Om fleire av desse fuglane heitte det såleis at dei låg i dvale i vassholer og myrpyttar om vinteren. Særleg var dette utbreidd tru når det gjaldt linerla og svala (s.d.). Men andre fuglar igjen vart rekna til trekkfuglane på vanleg vis, og det knytter seg mange truer til desse fugletrekka. Særleg grågåsa finst det mykje tradisjon om i så måte (s.d.). Elles heitte det at dersom ei jente eller ein gut første gongen om våren dei såg trekkfuglar fekk sjå to av same slaget, vart dei forlova same året. Men det var inga von dersom dei såg berre ein (Mandal, Helgel., Senja 17, 220).
|
|||
|
|
||||
|
FUGLEBANDET
Skikken med å setja opp fugleband eller nek er godt rotfesta her i landet. Opphavet til denne skikken har grunnlag i vegetasjonsmagi, derfor skulle bandet vera stort og moge, elles ville det straffa seg: Det ville bli uår. Svært ofte tok ein varsel av dei fuglane som sette seg i bandet. Det var eit godt merke dersom småfuglane, særleg spurvane, sette seg fyrst i neket. Det ville då verta eit godt og fruktbart år. "Det var først og fremst "snøfuglen" (= gulsporven) ein lika å sjå i bandet, og det var då helst dei ein såg også" (Suldal NKB).
|
Verre var det dersom der var større fuglar som
sette seg fyrst: "Dersom det kom skjer eller kråke i bandet, vart
det dårleg år" (Inderøy 23, 57). Ein såg og etter korleis fuglane åt av bandet: "Kjæm dei setjane og tege ti å eda å det mæ glubane hog, verte de mykje godt år. Er dei inkje så særs moda på det, kan året verta så medels; men kjæm dei inkje med det fyrste, vert det uår" (Karmøy 23, 55), eller: "Dei såg vel etter um fuglane åt av bandi, for gjorde dei ikkje det, så tydde det at ei ulukke vilde koma til å råma huslyden i det komande året" (Hetland 32, 89). |
|||
|
|
|
|||