Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker



JAKT OG FANGST.

For oss er det vanskeleg å sjå jakt og fangst i den samanhengen som eksisterte før industrialisering og teknikk gjorde sitt inntog. Den jakta som vert driven i dag, er nesten utelukkande ein sport for spenninga si skuld. For det meste blir det nytta skytevåpen av eit eller anna slag og som gjev viltet ganske små sjansar til å sleppa unna. Det einaste som krevst av skyttaren er at han kjem på rimeleg hald av viltet og så er det ei kurant affære å få viltet i bakken.

I eldre tider var jakt og fangst ein stor del av eksistensgrunnlaget i dei fleste kulturar, og når ei set seg inn i dei metodane og reiskapane som vart nytta i denne samanhengen, kan ein vere freista til å kalla dagens metodar for dei mest primitive. For med til dels boge og pil måtte jegeren komma viltet ganske tett inn på livet og dei fangstinnretningane som vart nytta, til dels snarer og nett, kravde om det skulle bli noko utbytte, at jegeren måtte kjenne godt til livsvanane til byttet. Med andre ord, desse formene for fangst krevde gode forkunnskapar om byttet sin biologi og levemåte og det vart synt stor oppfinnsomhet og fantasi når det gjaldt å laga gode og effektive fangstinnretningar.

Dei klimaendringane som skjedde før og etter dei store neisingperiodane av landet vårt førte til store forandringar i faunaen, men me kjenner lite til Noregs dyreverden den gongen. Det er grunn til å tru at Noreg i den perioden som grenser til avslutninga på siste neising, har hatt ein fauna som er slik som det ein har på Svalbard eller Grønland i dag. Det eldste minnesmerke om fuglelivet i Noreg ligg føre i form av fossile knoklar av polarlomvi som vart funne i eit leirlag ved Sykkylven på Sunnmøre. Ein trur at dette funnet er 75-80 tusen år gamalt og kanskje utgjorde arten den gong hovudbestanden i fuglefjella langs norskekysten på same måte som han gjer det i høgarktiske strok i dag.

Mellom den perioden som polarlomvien levde på Sunnmøre og til neste periode me har sikre fuglefunn i Noreg er det eit veldig tidsrom visseleg med store faunavekslingar.

  Frå 7000-6000 år f. Kr. får me ein særs gunstig klimaperiode. Furu og hassel fortrenger delvis bjørkeskogen og på einskilde stader gror store eikeskogar opp. Frå Høgnipen i Østfold har me dei eldste sikre spor av menneske som trengte inn der isen hadde vike plass. Det var eit folk med kystbunden kultur som konsentrerte økonomien sin mest om dei store havdyra, samt fugl og fisk. Etter kvart kjem det fleire til. Desse menneska held seg saman i flokkar og har følgt etter dyra som dreg nordover p.g.a. det gunstigare klimaet. Dei busetje seg ved kysten i strandkanten, på opne buplassar eller i holer og under hellerar.

Avfallsdungar byrjar å koma på fleire stader og desse har gitt oss verdfulle opplysningar om ein uventa rik fauna: Bjørn, gaupe, rev, mår, ilder, oter, gråsel, grønlandssel, nise, bever, ekorn, vånd, piggsvin, elg, hjort og villsvin og fleire ulike fugleartar, t.d. toppskarv, havsule, alke, geirfugl, lomvi og lunde. 3 undersøkte avfallsdungar på Jæren (Kvernevik, Stangeland og Viste) inneheldt til saman knoklar av i alt 30 ulike fugleartar.

Alt i alt utgjer talet på kjende fugleartar frå førhistorisk tid i Noreg 67 forskjellige artar (45). I samband med dette er det interessant å merka seg dei mange funna av geirfugl (s. d.). Knoklar og bein av geirfuglen er t.d. funne på 17 ulike lokalitetar frå Jæren til Varangerfjorden, og det kan vere grunn til å tru at geirfuglen har våre ein fastbuande fugl ved kysten vår, noko som folket langs kysten utvilsamt har drege nytte av.

Det viktigaste reiskapsmaterialet i mange tusen år framover var ulike steinslag og av den grunn er perioden blitt kalla steinalderen. Av steinalder reiskapar som er blitt funne har me knivar, økser, bor og pilspissar. Det siste skulle tydeleg indikere at me har hatt med jegerar å gjera.

Andre reiskapsmaterialer som vart nytta var tre, bein og horn. Av bein vart det laga beinonglar, harpunspissar, jaktpiler og fine garnnåler til å bøte fiskegarn med. Med desse enkle reiskapane skaffa dei seg det dei trong av mat og klede.

Dyr og fuglar vart veidde, frå havet kom det fisk og sel, men plantekost i form av spiselige neter, bær, stenglar, blader, ymse frø og lignende vart og sanka. Det oppstår to store jeger/samlarkulturar i landet: Fosnakulturen i Sør-Noreg og Komsakulturen i Nord-Noreg. Andre ting som kan fortelje oss noko om steinaldersamfunnet er helleristningar og steinfigurar. Desse forklarer litt om jakt og fiske hjå steinalderfolket, kva dyr dei helst jakta på. Det er funne små steinfigurar av bjørn, elg og sjøfuglar. På glattslipte berg er det funne veideristningar av ymse fuglar og dyr som er hogne, skorne eller slipt inn i berget. Helleristningar av fuglar er funne på Bardal og Hammer i Beitstad, Nord-Trøndelag. Den eine førestiller visstnok eit par gjæs og den andre 3 svaner. Desse figurane vart truleg nytta i samband med visse handlingar og seremoniar. På den måten trudde steinaldermannen at han kunne få makt over dei dyra han avbilda. Denne jakt magien skulle sørgje for at det kom mange dyr til området og at jegeren skulle få god jaktlukke.

Kring 4000 år f. Kr. kjem det noko nytt inn i biletet. Hittil hadde menneska i Noreg berre levd som jegerar og samlarar. No dukka dei første bøndene opp. Dei holt tamdyr og dyrka korn. Korleis og kvifor dette skjedde er det mange teoriar om. Ein teori går ut på at folk utanfrå som kjente til korndyrking og husdyrhald vandra inn i landet. Ein annan teori går ut på at fangstfolk gjennom kontakt med folk i sør lærte bondekulturen å kjenne på den måten. Slik kan det ha oppstått ei folkeauke i fangstsamfunnet. Det vert ikkje mat nok til alle, og for å auka tilgangen på mat kan korndyrking og husdyrhald ha vore den einaste måten å overleve på. Dette skiftet frå jegersamfunn til jordbrukssamfunn fann stad kring 3.700 f. Kr. og det skjedde fyrst i områda kring Oslofjorden. Andre stader i landet byrja folk med jordbruk fyrst fleire hundre år seinare.

Det skjer no ei gradvis endring i folks levemåte og busetnadstilhøve kring om. Jakt og fangst er framleis viktige næringsvegar, men det var etter kvart berre eit mindretal som hadde dette som einaste leveveg i Sør-Noreg slutten av steinalderen. Men i Nord-Noreg var fangst og fiske viktigaste næringsgrunnlaget heilt fram til historisk tid. Hålogalendingen Ottar fortel kring 880 t.d. om kostbare funnskattar i form av dyreskinn, fuglefjør og dun, kvalbein, kval- og selhud.

Gjennom bronsealderen og jernalderen held utviklinga og spreiinga av bondesamfunnet fram. Jakt og fangst vart ei attåtnæring for bonden. Funn frå kystbuplassar frå denne tida syner tydeleg at sjøfugl fangst og fiske har vore eit viktig tilskot i kosten. Folk som etter kvart busette seg i fjelldalane i løpet av eldre bronsealder, heldt sau, moglegvis ku og dreiv med korndyrking. Reinsjakt gav kjøt og skinn, hare og bever har gitt verdifullt pelsverk. Eit viktig fangstobjekt var rypa som vart utnytta som matvilt. Den gradvise forandring av klimaet til kjøligare og fuktigare værtilhøve som skjedde i slutten av bronsealderen og fyrste delen av jernalderen, kan ha ført til at jakt og fangst vart meir "i skotet" ei tid på einskilde stader. I alle høve fekk dette ganske mykje å seia for jordbruket. Somme stader måtte ein gje opp korndyrking.

Når me kjem til mellomalderen, er jordbruk og fehald dominerande næringsveg. Jakt og fangst spela enno ei viss rolle både når det gjaldt hushald, handel og betaling av skattar og avgifter. Frå denne tida har me dei fyrste skriftlege spor om vilt, jakt og fangstutøving. Me finn dei i dei gamle landskapslovene: Gulatings-, Frostatings-, Eidsivatings- og Borgartingsloven. Desse lovene er nedteikna kring 1100, men dei byggjer på sedvane og rettspraksis gjennom fleire hundre år før den tid. Dei fortel om jakt- og fangstmetodar slik dei må ha blitt praktisert attende i førhistorisk tid.

 

  Magnus Lagabøters landslov av 1276 er vår fyrste samlingslov for heile landet. Han byggjer på dei gamle landskaplovene og har føresegner om jakt og fangst som i høg grad samsvarer med føresegnene i landskapslovene. Det samme er stort sett tilfelle både når det gjeld Christian III`s lov av 1604 og Christian V`s lov av 1687. Grunnen til at ein held på samme rettspraksis, er at det ikkje førekjem nokre vesentlege endringar i jakt- og fangstutøving gjennom førhistorisk tid, mellomalder og langt inn i nyare tid. Det er fyrst når eldvåpenet vert ålment teke i bruk at det skjer ei endring i jakt- og fangstmåtar.

I den delen av den gamle landskapsloven som omhandlar jakt og fangst, er det fyrst og fremst lovar og regler om storviltjakt som vert omtala og denne har sikkert vore den viktigaste. Men ikkje for alle.

Folket langs kysten var meir oppteke av den rike førekomsten av sjøfugl i fuglefjell og på øyar og holmar. Dette gjaldt spesielt for Nord-Noreg.

 

I fuglefjella henta folk egg og kjøt frå fleire ulike fugleartar. Dette var sesongarbeid som tok nesten all arbeidstid medan det stod på, og det var fyrst og fremst når sjøfuglane oppsøkte hekkeplassane sine om våren og sommaren. Av fuglar som vart utnytta kan me nemna måkefuglar, terner, skarv, teist, lomvi, alker m.fl. , men det var fyrst og fremst ærfugl og lunde som skulle få størst økonomisk betydning. Dette skuldast endringar i soveskikkane i mellomalderen. Dun og fjører vart meir etterspurde som ein viktig del av sengeutstyret.

Når det gjeld utnyttinga av sjøfuglane har fangstmetodane vore særs ulike. Farefull klatring ved hjelp av line høyrde med, for mange av sjøfuglane hekker i dei brattaste delane av fuglefjella.

Det ligg føre prov på at følgjande reiskapar har vorte nytta i ulike former for fuglefangst og annan utnytting av fuglane: Kjepp, stake, krok, line, saks, snare – dels på flåter, landgarn av to typar: Kastegarn og settegarn, sjøgarn av moglevis 3 typar: Loddrette garn, vassrette fjøregarn og garn i rammer, dessutan sperregarn. Vidare har ein nytta hundar i fangsten og dessutan nytta skytevåpen og lokkefuglar. Ved eggsanking har ein nytta skei, pose eller korg, bygd ulike slag e-hus og nytta ymse typar av rensereiskaper. Det har gått føre seg temjing av ungar, vidare brekking av vingar, bygging av skanser og gjerding (14. Nr.18).

Ei nærare om tale av ein del av desse teknikkane og reiskapane vil me komma inn på i den spesielle delen av oppgåva.

 

  Langt mindre betydning har jakt og fangst av annan fugl hatt. Det er likevel blitt drive veiding av skogsfugl i dei flest bygder, og i fjellbygdene har rypefangsten utan tvil vore viktigaste fangstform. Rypefangsten gav ikkje berre mat til garden. Like viktig var det nok for fjellbøndene at fangsten gav kontantar. Rypene har vore typisk salgsvare til embetsmenn, kjøpmenn og andre folk i byene. Til denne fangsten vart det nytta taglsnarer, ein tradisjon som går fleire 100 år attende i tida. Kring 1900 kom messingsnara i bruk. Rypefangaren kunne ha opptil 1000 snarer ute samstundes og han kunne ikkje rekka anna enn reint fangstarbeid så lenge dette stod på.

Skogsfugl, storfugl og orrfugl vart fanga med fallstokk, fallem og snare. I gode fangstår har ein døme på at skogsfuglkjøt er blitt salta ned i tønner.

I slutten av mellomalderen blei falken eit ettertrakta fangstobjekt. Dette heng saman med at jakt med dresserte falkar var blitt moderne innan adelen i Europa – og rundt ikring i fjella våre reiste det seg fleire falkefangsthytter.

Mange av dei gamle fangstinnretningane kan tykkjast primitive og grusomme, men me må tenkje på at ei tid var viltet sjølve livsvilkåret for folket i landet vårt. Det ligg atskillig oppfinnsomhet, kløkt og tolmodig innsats bak jakt- og fangsthistoriane. Jakt- og fangstfolket gav oss eit grunnlag som kulturen vår har bygd vidare på.

I folkeleg tanke er fuglane si rolle i naturen nært knytt til våren, til den nye grøda, til nyføding og voksterliv. Dei er såleis overalt blitt verna om og lagt merk på, anten det no har vore som bodbringarar om årstidene, vær og vind, fødsel eller liv og død, eller som delar av den daglege matauk. Fuglereiret måtte ein aldri røra - det ville føra til ulukke over ein sjølv (Suldal). Og det spådde lukke om skjorene eller svalene bygde reir på garden (sjå u. desse).