Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

 

 

GEIRFUGLEN

For ca. 100 år sidan var det mennesket si omsynslause jakt og fangst som utrydda geirfuglen. Denne fuglen var minst dobbelt så høg som ei vanleg alke eller lomvi, men i motsetnad til alle dei nolevande alkefuglar, kunne geirfuglen ikkje flyga. Vingane var altfor små.

Geirfugl, geyrfugl, garfogel og andre namn er truleg knytte til islandsk. Arten var opprinneleg utbreidd som rugefugl langs dei fleste nordatlantiske kystar.

Under den siste istida vart geirfuglen fanga og utnytta av neandertalmennesket. Knokkelrestar er funne i slike buplassar ved den engelske kanal, Gibraltar og i Italia. Her og der langs norskekysten frå Oslofjorden til Vardø er det funne geirfugl-knoklar i buplassar frå steinalder og jernalder. Døme på slike stader er Vistehola, Hestneshola på Hidra i Sør-Trøndelag, Åkvik-hellaren på Dønna, Helgeland i Nordland m.fl.(Kjelde: Schaaning: Kjente fugle-arter fra Norges sten og jernalder). Dei viktigaste rugeplassane for geirfugl i nyare tid var områda langs New Foundland. Engelske, spanske or franske byrja i løpet av 1500-åra å fiska langs New Foundland. Dei satsa i stor grad på geirfuglkjøt som proviant. Eit einskild skips-mannskap kunne avliva over tusen "nordpingvinar", som fuglen og vart kalla. Då han ikkje kunne flyga, var han lett å fanga, og han vart klubba ned for fote når han var på land. Fuglane vart flådde og salta i tønner som proviant til heimreisa til Europa. Fuglane inneheldt så mykje feitt at dei kunne nyttast som brensel dersom ein var i beit. Denne voldsomme rovdrifta som dette var, gjorde nesten heilt ende på den nordamerikanske bestanden. Kring 1750 var han eit sjeldsyn.

  I Østersjøen vert det siste eksemplaret drept ca 1790. Det siste kjende reirfunnet på dei Britiske Øyer vart gjort på Orknøyane i 1812, men begge fuglane i dette paret vart avliva.


Geirfuglegg

I 1840 vart den siste britiske geirfuglen skoten på St. Kilda. Frå norske farvatn er streiffuglar kjende til litt inn på 1800-talet, mogleg ved Fredrikstad så seint som i 1838. Ein observasjon frå Vardø i 1848 har me og. Ein av dei 4 fuglane som då vart sett, vart skoten, men skinnet blei ikkje teke vare på, så observasjonen er ikkje offisielt godkjend.

Geirfuglen si siste offisielle historie er skriven på Island.
I byrjinga av 1800-talet var ei særs vanskeleg tilgjengeleg øy, Geirfuglasker, sørvest for Reykjanes, den einaste verkeleg rugande koloni av geirfuglar i verda. Men i 1830 sokk heile øya i havet ved eit vulkanutbrot. Fuglane flytta då over til Eldøy som ligg nærare fastlandet.


På grunn av det stadig minkande talet på geirfuglen, var samlarar og muséer over heile verda blitt særs interesserte i den etter kvart så sjeldne fuglen. Islandske fiskarar kunne tene store summar på å skaffa geirfuglar eller egg frå fuglane. På 4 år, frå 1830-34 vart ca. 66 fuglar drepne og det var like mange som i tidsrommet 1800-1830.

I 1841 vart det ennå funne 3 fuglar og eit egg. Desse vart også tekne. Mellom 2. og 5. juni 1844 vart verdens to siste kjende geirfurlar slegne i hel av sjøfolk som gjekk i land på Eldey og samstundes vart egga til fugleparet tekne.

Det hadde aldri vore tale om å freda dei siste geirfuglane, og no var det definitivt for seint. Ein trist skjebne for denne artige og særprega fuglen.

(Kjelde: Edvard K. Barth i Villmarksliv nr. 11 1977)


Meir om geirfuglen, klikk her!