|
|
|
|||
|
Generell del.
Innleiing Spesiell del Lomen APPENDIKS Segner
|
FOSSEKALLEN
er rett nok norsk nasjonalfugl, men trass i dette ser han ut til å vera bortgløymd i norsk tradisjon og folketru. Eit par oppskrifter syner at han har vore nytta som krøtermedisin. Frå Valdres heiter det at kjøtet vart blanda med busalt og gitt krøttera. Det skulle vera bra for trivnad på buskapen (16,72; likn. 36 ,119). Ellers heitte det at han varsla regn med skriket sitt (Bø i Tel. 3 ,134). |
|
||
|
|
||||
|
eller fuglekongen har fått eit kjente eventyr knytt til seg om korleis han fekk namnet sitt (Sjå tillegg - Eventyr). Utanom dette har han lite tradisjon knytt til seg. Dei ga gjerdesmett-egg til kyrne i løypetida fordi dei skulle få raudprikka kalvar (17,220). Han kunne og varsla veret, særleg om han for ikring og gav lyd frå seg då venta han regn (Odda 9 ,86; Innvik i |
|
|||
|
|
||||
|
STEINSKVETTEN
eller steindolpen finst det og lite tradisjon omkring. Somme stader i landet har han vore fuglen som har varsla våren: "Etter steindolpen var komen om våren var det slutt på frostnettene" (Suldal JS; likn. Ulvik i Hard.9,86). Elles trudde ein somme stader at han gjekk i dvale om vinteren, tilliks med svala (Odda 8,57). |
|
|||
|
|
||||
|
RAUDSTJERTEN
varsla aldri noko godt om han flaug over vegen framføre ein. Traff ein ein av desse fuglane med børse på jakt, råka ein aldri sidan med børsa (Valdres 17 ,219). |
|
|||
|
|
||||
|
TRASTANE
varsla for ymse, men særleg for veret. Særleg tok ein årings -og langtidsvarsel: "Av nattvuku(måltrast-)songen tok dei varsel om årvegen. Song ho "Såti, såti", eller "båkå vidt, båkå vidt", so var det berre å så, det skulde verta kvitt mjøl. Men song ho:
|
Snarene hengde dei i trea med rognebær til lokkemat. Det var to taumar attmed einannan. Somme snarer kalla dei hoppesnarer. Denne hang lågt ved marka og hoppetaumen hang under. Trasten hoppa opp frå marka etter rognebæra og kom i snara. Elles fanga dei trast med sprodafella. Dei sette då ein krans med rognebær fast i teinen. Dei fuglane dei fanga på denne måten var svarttrast, raudvengjetrast, måltrast, gråtrast. Ofte var det borna som dreiv med snarefangst. Dei stappa salt i nebbet på fuglane når dei vart hengande heime nokre dagar. I våre dagar er t.d. i Stavanger framleis mogleg å få kjøpt kramsfugl hjå vilthandlaren i byen om hausten.
|
|||
|
|
||||