Generell del.

Innleiing
Jakt og fangst
Fuglane varsla
Fuglane i magi og folkemedesin
Dåring
Trekkfuglane
Fuglebandet

Spesiell del

Lomen
Skarven
Heigren
Grågåsa
Endene
Ærfuglen
Hauken
Ørna
Falken
Rypa og jerpa
Årfuglen
Tiur og røy
Åkerriksa
Trana
Tjelden
Heiloen
Vipa
Spoven
Rugda
Måkene
Sjøfuglfangst
Geirfuglen
Gauken
Hubroen
Kattugla
Svala
Hakkespettane
Lerka
Linerla
Staren
Lavskrika
Nøtteskrika
Skjora
Kråka
Ramnen
Fossekallen
Gjerdesmetten
Steinskvetten
Raudstjerten
Trastane
Meisane
Spurvane

APPENDIKS

Segner
Eventyr

Ordtøkje

Gåter

Truer og varsel

Jakt og fangst

Informantliste

Litteratur

Lenker

 



ÅRFUGLEN

er og ein matnyttig fugl. Men han har og vore ein pålitande vervarslar. Særleg er det århaneleiken dei har teke merke av. Leika han midt på dagen, vart det uver (Granvin 9 ,82; Sunnmøre 18 ,63). Leika han seint nå hausten, gjekk det enno ei god tid før vinteren kom for fullt(Numedal 29 ,34) — og det ville helst verta ein mild og regnfull vinter (mst 18 ,65).

Århaneleiken har og sett fantasien i sving på andre måtar. Under leiken skal århanen seia:

"Mi kjæring spinn på ein gullrokk, gullrokk,

di kjæring æ lusut å skurvut, lusut å skurvut"(Bø i Tel. 3 ,134) eller:

"Mi kone sitter i furutoppen

og spinner på gullrokken

og siger: surr-rr-r-r-rok!"(5,82).

Elles var årfuglen ein av dårefuglane. Vart ein dåra, kunne ein verta skurvut (Telemark 4 ,83; Hedm. 17 ,174), men det kunne og tyda at ein vart gift same året eller få ei stor gleda (Mandal 17 , 174).

  Årfuglen er blitt fanga ofte med dei samme fangstmetodane som er vortne nytta ved storfuglfangst. M.a. fortel JSK at dei i Bjerkreim laga seg orresnarer. Dei sette orresnarene i trerunnar og lyng, og der var smale gangvegar der orren gjekk, og så tetta dei til med råsgreiner på sidene av snarene.

Elles har spilljakt med børse både på tiurleiken og frå orrehytte vore ei ettertrakta jakt som gav stort utbytte (50, 1972,82).

Fuglestokk og andre liknande fangstreiskapar har no lenge vore forbodne til å fanga skogsfugl med. Likeins har toppjakt med rifle og speljakt lenge vore ulovleg. I våre dagar er skogsfuglbestanden temmeleg skral og totalfreding er innført på. somme plasser.

TIUR OG RØY

kunne og varsla feigt: "Røya kom på bure tri gång åt ‘en faster, å. då sa ‘a, at a va feg, å i åttdåggasmoti så do ’a(Sparbu 28, 274). Han gav og varsel for veret. Det tydde dårleg ver om han søkte til husa (Gauldal 13 ,35).

Tiur og røy, med eit samnamn kalla storfugl, kunne og nyttast i folkemedisinen. Ein tok då i bruk den grusen og småsteinane ein fann i kroa på storfuglen, kalla "fuglestein" eller "augestein" av di han tok vekk rusk frå auga: "Fekk einkvan rusk innpå auga, vende dei augekvarm og hadde innpå av fuglesteinen. Han skulle ta bort rusket"(Gauldal 13 ,27)."Desse augesteinane gøymde dei i luftrøyret åt fuglen. Hengde det opp og turka det og bøygde det i ein ring"(Østerd. 19 ,98).

Frå eldre steinalder har me knokkelfunn av tiur frå Vistehola, og fleire funn i yngre steinalder og jernalder skulle indikere at jakt og fangst på storfugl har lange tradisjonar (45). Frå historisk tid veit me frå skriftlege kjelder at jakt og fangst på storfugl og annen skogsfugl har gått føre seg i dei fleste bygder. Skogsfugl er blitt fanga med fallstokk, fallem og snarer. I gode fangstår er det soger om at kjøtet vart salta i tenner. Ein vanleg rett var å. koka sodd på kjøtet (50 nr.2-1971,s.82)

 

I eldre tider var fiske, jakt og fangst av stor betydning for skogsfolk, m.a. i Oslo Nordmark. Særleg storfugl vart utnytta. Han vart skoten på toppjakt om vinteren, speljakt om våren, lokkjakt medan kyllingane var små. på. ettersommaren og om hausten når den hadde for vane å gå. i skogsstiane, vart han teken i snarer og fuglestokkar.

Fig.1 nedanfor syner fuglestokken: ved berøring vil pisken som grip om skorustikkene løysna (sjå. fig. 2), og øvre brann vil då, når skorustikka ikkje lenger bli halden på plass p.g.a. tyngden som ligg på. henne, slå. att. Øvre og undre brann er ca. 2-toms stokkar og avstanden mellom dei er ikkje større enn at fuglen kan smyga seg under øvre brann og er dermed nøydt til å komma bort i pisken som vil løysa ut det heile.

Desse innretningane vart så plassert kring om nå. skogstiane og det vart laga eit gjerde av nedfelte smågreiner på tvers av stien der den einaste opninga førte rett i fella. Fleire andre stader blei stokken og brukt. Frå Infjær i Høvåg utanfor Kristiansand fortel ein at ein i 1897 hadde ute heile 150 fuglestokkar på ein gong. Kvar morgon når del såg om stokkane hadde del med seg striesekker til å bæra fuglen til gards i (50,nr.2—1971).

Frå eldre tider veit me at nybyggjarane i Målselv og Bardudalen i si tid sanka egg av skogsfugl: røy og orrhøne samt rype til hushaldninga (55,5).