Ein ekskursjon kring Batalden skule

UT I NATUREN.

Naturtilhøve

Standfuglar

Trekkfuglar

Pattedyra

Ekskursjon rundt Fanøy om hausten, vinteren eller våren.

Ekskursjonen

Etterarbeid på skulen

Oppgåve

Årsoppgåve:

Kart

Oversikt over fuglar/artar.


Naturtilhøve.


Skulen ligg på Fanøy, like ved kapellet. Busetnaden på Fanøy ligg mot aust og søraust ved Nordre og Søre Fanøyvågen og ved Kvernhusvågen.Området ikring busetnaden deler vi i ulike naturtypar.


Batalden med Fanøya i framgrunnen. (Foto: F. Klokkernes)

Plantefelt/Skog.

Frå skulen og nordover er eit plantefelt av furu. Eit anna plantefelt finn vi ved nordre Fanøyvåg.

Myr og knausar.

Landskapet vest og nord for busetnaden på Fanøy er i hovudsak samansett av myrsøkk mellom små bergknausar. Plantane som veks her er røsslyng, einer, rogn, pors, rome og ymse gras og halvgras (storr). Det er røsslyngen som dominerer. (er mest tydeleg) i dette landskapet. I så måte fell vegetasjonen (plantelivet) på Fanøy saman med Øyane elles på Vest-landet. Langs kysten her finn vi nemleg eit belte av røsslyng. Vi snakkar derfor om dei vestnorske lyngheiane.

Vestsida av Fanøy.

Høgste punktet på Fanøy ligg mot sørvest ved Bjørgesundet. Her er Øya 58 m.o.h. Frå Bjørgesundet og nord til Kalvågen, stuper berget rett i sjøen. Her står storhavet rett på, og gjer det svært hardt for plantane å finne livd. Nede i sjøen veks likevel tang og tare og opp etter berget f inn vi eit svart lag av Marebek. Marebek er ein alge som veks der sjøen skvett opp etter berget (skvettsona). Såleis kan vi "lese" av berget kor høgt sjøen går.

Kalvågen skjer inn frå nordvest og er ein lun og skjerma våg. På nordaustsida av vågen er ei lita steinfjøre.


Storskarven er ein kjend fugl ikring Batalden skule. Den hekkar frå Møre og nordover og er på våre trakter berre om vinteren. Storskarven har ikkje nok fett i fjørdrakta til å halde vatnet ute, så etter nokre symjeturar må den tørke seg.
Fjøra.

Der sjø og land møtest, kallar vi fjøre. Dersom berget går bratt i sjøen, slik som på vestre Fanøya, kallar vi det svaberg.

Ved enden av Kvernhusvågen og nordre Fanøyvågen f inn vi to små fjører. Elles går berget meir eller mindre bratt i sjøen rundt heile Fanøy.

Livet i fjøra er ofte rikt og spesielt. Mange av dyra og plantane lever i to ulike miljø. 2 ganger i døgeret lever dei i sjøvatn og 2 ganger i luft.

Livet i fjøra er nøye tilpassa desse skiftingane.

Havella er og ein vintergjest her i distriktet. Vi kallar den agletaske. Om våren trekker havella til fjells der den hekkar.



(Ein vårdag i året bør ein gjerne nytte til å undersøke ulike fjørebiotopar. Meir om dette finn ein i eit hefte som heiter Ekskursjon til fjøra. Dette heftet kan skulen kjøpe frå Botanisk Museum - Universitetet i Bergen, pb. 12, 5014 Bergen. Heftet kostar i 1982 kr. 5,-.)

Ferskvatn.

Mellom Kvernhusvågen og Nordre Fanøyvågen ligg eit tjern. Regnvatnet i området ikring, renn ned og samlar seg i myra langs vegen til eit tjern. Vegen sig heile tida, og må fyllast opp etter kvart.


Dette heftet er laga av Stein Malkenes, 1981
Tilrettelagt for Internett: Leiv-Arne Øien, mai - 2000