Vinter

Vår

Sommar

Haust



OPPGÅVER TIL LYSBILETE FRÅ FLORØ.

A. Forming.

1. Tenk deg 100 år tilbake. Lag ei teikning av kyrkja i kyrkjeparken ved Likkjeåsen, utan tre og husker ikring.

2. Lag to teikningar frå Soldalen:

1) Eit vinterbilete med barn på ski.

2) Eit sommarbilete med traktor og slåttonn.

2. i) Lag ei blyantteikning av eit lauvtre om vinteren, utan lauv og dekka av snø.

) Lag ei teikning av det same treet om hausten i storm, når lauvet bles av.

Læraren/elev kan teikne på tavla.

4. Pappmaschè. Lag ein topografisk figur av Florø m/om- land. Få med vatna. åsane, flyplass, sentrum, Krokane, Kanalen osb.

5. Sand inn lauv, kvistar, Steinar osb. Lag naturbileter.

B. NATURFAGOPPGÅVER.

Læraren legg til rette litteratur:

a) Busker og tre.

b) Floraen i fargar/blomsterbok.

c) Aschehoug sin O-fagserie: Temahefte hage og park.

d) K. I. Hansen: O-fag bok 4B, s. 143-163.

e) Leksikon, osb.

1. Mai/juni eller august:

Ekskursjon til kyrkjeparken. Studer lauvtre og lær del ulike artane. Ta med eit blad av kvart tre og lim det i arbeidsboka. Bruk kontaktpapir og dekk heile bladet. Lag kort tekst til kvart blad med namn og fakta.

2. Ekskursjon til området bak Likkjeåsen. Studer bartre og lauvtre. Lag oversikt (gruppearbeid) over bartre og 1.auvtre kvar for seg i gruppene. Sjå kva slags gruppe som får flest treslag.

3. Lytteoppgåve ute.

Lærar velger sjølv område. Lat elevane skrive ned dei lydar dei kan høyre. Del lydane i to grupper:

a) frå naturen, b) frå menneske og maskiner.

4. Spørsmål til bileta i lysbileteserien kan læraren/ elevane stille undervegs.

C. HISTORIE

1. Les i Florøboka om grunnlegginga av Florø. Studer bileta i tillegg til teksten. Sjå etter utbygde område, skog, båttypar osb. Lag teikningar frå boka. Læraren plukkar ut lesestoff og bilete.

2. Spør eldre Florøfolk om livet i byen i. gamle dagar. Læraren legg tilrette.

3. Bruk bilete og litteratur frå Kystmusêet. Legg og vekt på naturhistoria.

4. Studer særoppgåve om skogplanting frå Servicesentralen. Les og teikn.

5. Lag oppgåver sjølve!

Tilbake til side 1