|
|
|
|
||
|
|
||||
|
|
Ei orientering. I dette opplegget fins i alt 92 lysbilete frå Florø med omland. Bileta er tekne omlag på same staden til kvar årstid. Såleis finn ein i alt 4 bileter frå same stad. Til kvart bilete er det skrive litt tekst. Teksten legg vekt på det naturfaglege på biletet. Av og til er det 2-3 bileter som høyrer til eit tekstavsnitt. Før bilettekstane står ei kort innleiing om natur og klima i Florø. Til slutt er det laga nokre oppgåver knytta til bileta og områda i Florø. Både bilettekstane og oppgåvene er meint som utgangspunkt for supplerande kommentarar frå lærar/elev. Opplegget er tenkt brukt i O-fagsundervisning på mellomtrinnet ved Krokane skule og Florø Folkeskole. Andre skular kan og sjølvsagt nytte det. I praksis er det lettast å lese bilettekstane ettersom ein syner bileta, men kjem kan sjølvsagt og nytte bileta på andre måtar. Tekst og bileter får ein låne på Flora skulekontor.. Florø, 30. mai 1983 |
|||
|
|
||||
|
|
Då Florø vart grunnlagt i 1860, var halve byområdet utan skog. Likeins var Likkjeåsen og Havreneset utan skog. Berre i hellinga av Storåsen vaks furu. På toppen av Likkjeåsen breidde del jonsokbål, og resten av området var dekka av lyng, einer og grasartar. interessa for skogplanting gjorde seg gjeldande, og alt i 1870-åra vart Florø Treplantingsselskap stifta. Dei tok til å plante tre rundt byen, først på sørsida av Likkjeåsen - der vi tinn dei digre lerkene og bøketrea. 1878 fokk dei ei offentleg bevilling på 50 spesidalar og tinglyst dokument om vern og vedlikehald av den skogen som var planta. Vi som bur her i byen i dag, har såleis alt ansvar for skogen vår.
|
Klima No var det ikkje alle treslag som trivdest på Florølandet . Den sterke vinden sette ei grense for det. Etterkvart korn skogplantarane fram til at sitkagrana var det treslaget som likte seg best saman med furua. Dei høge grantrea rundt åsane våre er difor sitkagran. Saman med vinden er nedbørsmengda stor i Florø Den milde havlufta gjer vintrane milde og somrane kjølige. Dette gjer at 1"lor~ har ein lang vekstsesong kvart år. Vekstsesong er dei dagane på eit år der temperaturen er > 30 0. Mellom 193l og l960 var normallengda av vekstsesongen pr. år 288 dagar målt på Kinn målestasjon. Med dette ser vi at i lune områder på Florølandet, der vinden ikkje tek, var det grunnlag for vokster av mange treslag. Ein slik plass er sørsida av Likkjeåsen og der veks eit rikt utval av lauvtre og bartre. |
||
|
PEDAGOGISKE SERVICESENTRAL, 1983 |
||||
|
|
|
|||