|
|
Ein ekskursjon kring
Årebrot skule |
|
|
Korleis nytte naturtypane til undervisning Ekskursjon til Uradalen om vinteren Årsoppgåver |
OPPGÅVE:
Gjer same ekskursjonen t.d. i april-juni-oktober og finn ut lik- og ulikskapar i plante- og fugle- og dyreliv. Noter og systematiser på skulen. NB! Sjå etter skilnad i åtferd hos fuglane sommar (reir) og vinter. NB! Det er lettast å arbeide ute om vinteren. Då er det færrast artar i naturen. ÅRSOPPGÅVER. 1.Fuglebretta utfor vindauga på skulen: Lag ei inspeksjon/observasjonsliste der ein elev har ansvar for foring og observering ein/fleire dag/ar. Observer og noter artane t.d. 10 minutt i 2. time kvar dag. Gjer og verobservasjonar. Set opp resultata grafisk på plakatar i klasserommet.2. Gjer observasjonar langs stranda og utover sjøen. Bruk kikkert. Elles som i oppgåve 1. 3. Lag fuglekassar på sløyden. Lag både meise- og starekassar. Eg legg ved eit oversyn over måla til dei ymse kassane. Det er viktig at desse vert haldne, då dei ymse fugleartane skal ha visse avstandar i kassane sine. Finn eit område med blandingsskog eller lauvskog og heng nokre meisekassar der. Heng andre i barskog. Snakk med grunneigaren om løyve til opphenging. Heng ikkje kassane for nær kvarandre. Bruk nylontau!! Heng kassane 3-5 m over bakken. Starekassane kan de henge på skulehuset og heime på fjøs/uthus. (Sjå elles kopi av Vedum: Vi studerer fuglane s. 108-114. Her finn de korleis arbeid med fuglekasser kan leggast opp.) Studer livsgangen ved kassane framover våren. Tel egg, noter rugetid - oppveksttid, utflygingsdato og antal ut-flogne ungar. Det er nok med ei vitjing om dagen. Sjå ikkje i kassa meir enn ein gong i veka.Læraren hjelper til med å lage skjema o.l. dersom det er ynskjeleg. 4. Lag natursti. |
|
|
|
||
|
|