|
|
Ein ekskursjon kring
Årebrot skule |
|
|
UT I NATUREN. |
||
|
Korleis nytte naturtypane til undervisning |
Naturtilhøve
Området kring skulen vekslar mellom mange naturtypar: Strandlinja Strandlinja vest for skulen er for det meste svaberg og steinfjærer. Vi finn Bukkholmen og Litleøyna, grasholmar med ope lende. Kulturlandskap Nedfor skulen ligg garden Ura. Her veks høge lauvtre i tunet, og rundt husa ligg enga. Mot Urdalen ligg garden Urdal. Kulturlandskapet grensar her mot barskog og fersk- vatn. Barskog Austover frå skulen strekkjer barskogen seg innover Urdalen mot fjella i dalbotnen. Dette er den dominerande naturtypen i området. Ferskvatn. Gjennom Urdadalen samlar ferskvatn seg, og fram mot vegen renn ei elv mellom Lonevatn i aust og Storevatnet (Urdavatnet) . Herfrå renn ei elv ut i Sagvika, som har namn etter saga der. Sørenden av Storevatnet (Urdavatnet) kallast Rundevatnet. Langs vegen i sør ligg Kvernhusvatnet og på Rabbane ligg to små tjern. Dette er hovudnaturtypane i området kring Årebrot skule. Alle naturtypar har sitt eige dyreliv og planteliv. Plantane og dyra har innretta seg etter kvarandre og etter dei ikkjelevande miljøfaktorane i naturtypane. (berggrunn, lys, osb.) Derfor vil vi finne forskjellige dyre- og planteartar i dei fire natur-typane våre. Der to forskjellige naturtypar møtest, får vi eit område kalla randsone. Her møtest dyre- og plantelivet f rå dei to naturtypane, og i ei randsone f inn vi oftast eit rikt liv av plantar og dyr. Skiljet mellom barskogen og den dyrka marka i Urdal er ei rand-sone.
Barskogområdet rundt Årebrot har ein stor bestand av hjort. Hjorten er det hjortedyret som høyrer Vestlandet til. Dei bratte, skogkledde liene gjev gode levevilkår for hjorten. Dei er biotopen til hjorten. På sjøen og i strandsona, held ulike artar sjøfugl til. Svartbak og gråmåse held seg her heile året saman med ærfugl og sil-ender. Om vintrane ser vi stor- og toppskarv, og i sommarhalvåret kjem ulike vadefuglar tilbake. Desse er tjeld, storspove o. Havørna held seg i området her heile året. Denne største av rovfuglane våre har hatt tilhald her ifrå gamalt av. Utfor skulestova heng tre fuglebrett og standfuglane vert fora heile vinteren. Dei vanlegaste er kjøtmeis og blåmeis, men andre gjester som gråspetta har og vore på vitjing. Å hjelpe små-fuglane med mat gjennom vinteren er ei lærerik og god gjerning. Hugs at har ein først teke til med foring, må ein halde fram heile vinteren, elles vil mange av fuglane bukke under.
|
|
|
|
||
|
|
|