|
Fakta om Nikolai Astrup |
||||
|
Oppgåver:
Oppgåver som skal løysast ved Astruptunet: Lenker: Astruptunet,
|
Nikolai Astrup blei født i 1880. Da han var 2
1/2 år flytta familien hans frå Bremanger til Ålhus prestegard i
Jølster.
Husa på prestegarden var gamle, elendige og usunne. Det førte til at Nikolai var mykje sjuk da han var barn. Han utvikle etter kvart sterk astma som han var plaga med resten av livet. Særleg dårleg var han om nettene. Då måtte han stå opp og ga omkring. Ofte mala han om natta - mange gonger landskap i måneskin. Han likte den litt spøkelsesaktige og mystiske stemninga som han opplevde om natta.
|
|||
|
|
|
Nikolai kjende seg mange ganger einsam sjølv om han hadde mange søsken. Mens søskena kunne vere ute og leike, måtte han ofte vere inne fordi han var sjuk. Då trøsta han seg med å skrive og teikne. Etter kvart gøymde han på teikningane sine. Han signerte dei og skreiv nokre ganger også årstal på dei.
|
||
|
|
||||
|
|
Nikolai ønskte tidleg å bli kunstnar, men
foreldra ville at
han skulle bli prest slik som faren. Nikolai måtte reise på middelskolen i Trondheim. Men det gjekk ikkje så bra med han på skolen. Det einaste faget han var flink i var naturfag. Naturen hadde han vore glad i sidan han var ein liten gut Derfor male han seinare mange bilde med naturen som motiv Etter middelskolen nekte han å gå vidare på gymnaset. Han drog heim att til foreldra i Jølster. Der blei han buande til han endeleg fekk lov til a reise til Kristiania (som Oslo heitte den gongen), for å lære å teikne og male. Han fekk reisepengar av faren, men hadde elles nesten ikkje pengar til a klare seg for dei to åre i hovudstaden. Mange kunstnarar var fattige den gongen, men fa så fattige som Nikolai. Harriet Backer hadde ein malarskule i Kristiania. Nikolai gjekk der, og lærte mykje av henne. Han blei etter kvart så flink at ein rik kunstsamlar gav han pengar så han kunne reise utanlands for å studere vidare.
|
|||
|
|
|
|||