|
Del 1 |
SANSEMOTORIKK
- NOKO TEORI |
|||
|
Innleiing
DEL 1
DEL 2 DEL 3 DEL 4 DEL
6
|
Def.
sansemotorikk:
Samspelet mellom sansane og rørslene våre;at vi som svar på dei inntrykk vi får gjennom sansane våre, gjer noko aktivt (rørsle og lyd i hovudsak) Barnet vert alt i mors liv bombartdert av sanseinntrykk; truleg mest i høve rørsle og lyd. I hjernen vert sanseintrykka oppfatta i ulike område og på ulikt nivå, og dei vert tolka, integrert og lagra. Barnet svarar på sanseinntrykka med rørsler og lyd. Denne prosessen går raskare etterkvart som barnet utviklar seg. Den erfaringsbakgrunnen som ein etterkvart oppnår når ein har fått god og passande stimulering, gjer at forholda ligg godt til rette for vidare avansert motorisk utvikling og for abstrakt læring og kunnskapstileigning.
|
Forskning viser at det er ein klar samanheng mellom barn si evne til å motta kunnskap og den sansemotoriske funksjonen deira. Årsaka til at ein finn stadig fleire barn som ikkje er "modne" til å begynne på skulen, at dei er ukonsentrerte, aggressive og trøtte bl.a., er nok samansett, men ei av årsakene er heilt klart at barn i dag er meir motorisk passive enn tidlegare.
Sansemotorisk trening er ikkje noko vidundermiddel, men må oppfattast som eit av fleire tiltak som kan føre til at barn får ei meir meiningsfull og heilskapleg oppleving og forståing av seg sjølv og verda rundt seg.
|
||
|
|
||||
|
SANSANE VÅRE Syn, hørsel, smak, lukt, taktil sans (berøring), kinestetisk sans (muskel- og leddsans), likevekt.
Frå dei ulike sanseorgana våre går det nervebuntar til dei tilhøyrande sentra i hjernen, der den ulike informasjonen vert bearbeidd og fører til ulike meir eller mindre samansette reaksjonar.
|
Sansane våre vert delte inn i to hovudgrupper; primær- og sekundærsansar.
Dei primære sansane: Likevekt
|
|||
|
|
||||
|
Den er viktig fordi den har forgreiningar som på ein eller annan måte også har innverknad på, og dannar grunnleggande holdepunkt for alle dei andre sansane våre. Rørslene stimulerer igjen til auka muskelspenning som igjen har innverknad på "våkenhets-systemet" i hjernestammen.
|
Eksempel på rørsler som fører til forandringar i tempo og retning som er fine måtar å stimulere denne sansen på: - hopping - vugging - snurre rundt - gynging - rutsjing
|
|||
|
|
||||
|
Taktil sans. Denne sansen dekkjer det største arealet på kroppen vår; huda. Kan delast i to; den vernande (smerte, varme/kulde) og den diskriminerande (trykk og berøring) Den alarmerer oss om mulege farer, og den gjev oss informasjon om eigenskapar og ulikskapar i omgjevnadane våre. Via den veit vi til ei kvar tid kvar på kroppen vi vert berørde. Den har i tillegg ein viktig psykisk og sosial funksjon. Positiv berøring er av vesentleg betydning for normal utvikling av motoriske, sensoriske og intellektuelle ferdigheiter. |
Eksempel på ulik hudstimulering som stimulerer denne sansen: -stryke, holde på / i -børste (virkar oppkvikkande) -pels mot huda
(virkar beroligande) -eitt- og topunktsberøring -taktil formoppfatting -ulik temperatur |
|||
|
|
||||
|
Kinestetisk sans. Den sit i muskelspolane i musklane, i senene og i leddbanda i leddkapslane. Sansen fortel om stillinga til ledda våre, og om stillinga til bein og armar i forhold til kroppen og hovudet vårt. Denne sansen fortel oss noko om rørslene som vert utførde;kvar i rommet kroppsdelane er og kva dei gjer (utan hjelp av synet). Den fortel oss også om kva spenning vi har i musklane våre. Dette inkluderer også den posturale muskelspenninga som er den basale stabiliteten i kroppen vår, og virkar som ei muskulær ryggsøyle som held oss oppreist. Dette er difor sjølve fundamentet for ein velkoordinert motorikk. Den posturale muskelspenninga stimulerer vi gjennom vektlegging av øvingar som virkar på muskel- og leddsansen, likevektsansen og den taktile sansen.
|
Den kinestetiske sansen samarbeider også tett med synsansen og likevektsansen, for at kroppen skal kunne flytte seg i den retninga, med den styrken og den farten ein måtte ville. Den sørgjer for koordinering og presisjon i muskelarbeidet, og saman med den taktile sansen kan den gjere oss i stand til å vurdere vekta av ein gjenstand t.d.. For at sansen skal utvikle seg optimalt må barnet ha god kjennskap til eigen kropp, til tid og rom, kunne beskrive retning, avstand og tid,og til lateralitet (høgre og venstre) både i forhold til seg sjølv og omverda, og kunne la dei to kroppshalvdelane samarbeide. Eksempel på øvingar som virkar stimulerande på denne sansen: - kopiering - beskrive stillingar med lukka auger - holde ei stilling - kopiere forskjellige klosse - mønster t.d. - blindebukk - spenning / avspenning - gå med erteposar på ulike kroppsdelar - trampoline |
|||