Motorikk og 6 åringen.

Innleiing   

DEL 1
Sansane
 - Pimære

 - Sekundære
Trongen for Rørsle
Leik og Aktivitet
Sansemotorisk leik
Motorisk usikre barn
Automatisering

DEL 2
Praktiske øvingar i forhold til aktivitetar i:
- klasserommet
- gymsalen
- nærmiljøet

DEL 3
Stabilitet
Praktiske øvingar til bedring av stabilitet

DEL 4
Finmotorikk:

Grep og skriving
Blyant og grep
Auge / hand koordinasjon
Praktiske øvingar for å få eit lett og ledig skrivegrep
Valg av skrivehand

DEL 5
Sittestilling - stol - pult

DEL 6
Skulesekk:
Løfteteknikk
Krav til god skulesekk


Litteraturtilvising


Innleiing 

Bakgrunnen for dette undervisningsopplegget er i første rekkje at dette kom inn som eit av satsingsområda under utarbeidinga av "Den kommunale skule-helsetenesteplanen" av 1997. At dette vert samstundes som oppstartinga av Reform 97, er ein naturleg konsekvens, og for oss, i alle høve, eit gunstig tidspunkt. Dette også med bakgrunn i den statlege satsinga  og fokuseringa på 6 - åringen.

6 - åringen er inne i ei viktig utviklingsfase på alle område, inklusivt det motoriske og det ergonomiske som er våre innfallsvinklar. Å setje fokus på og formidle noko av vår kunnskap i høve motoriske ferdigheiter og ergonomi i forhold til pedagogar, ser vi på som god ressursbruk; de kan pedagogikk og metodar, og de kjem i kontakt med alle barn på dette årskullet. Ved å legge inn litt meir av dei føreslegne aktivitetane i det daglege opplegget, enten i klasserommet, i gymsalen eller ute, så vil det vere den beste førebygging vi kan gi barna på desse områda.

 

 

Undervisingsopplegget vårt rettar seg i første rekkje mot 1. klasselærarane med unnatak av skuleåret 97 / 98 p.g.a. to oppstartingskull; 1. og 2. klasse. Men opplegget kan sjølvsagt også gjere nytte og brukast på andre klassetrinn, men primært på småskuletrinnet.

Vi har 2 samlingar om hausten (september)  på 2 timar med praktisk og teoretisk undervisning, i tillegg til ei 2 timars oppfølgingssamling til våren (truleg mars).

 

Vi ser klart at vi går vi lite grundig inn i teorien når det gjeld den sansemotoriske delen. Men vi trur likevel at det er nok til å setje eit fokus på på temaet, også fordi vi kjem med  praktiske eksempel. Vi håpar difor at denne strategien kan vere til hjelp og inspirasjon i dykkar skulekvardag.

For å auke fokus på temaet til dagleg, så har vi laga til ein aktivitetskalender for 7 mnd., der målet er dagleg gjennomføring i klasserommet.

Lykke til !

Har de spørsmål, så ta kontakt !

Florø  20.10.97

Arjan Odijk, fysioterapeut
Anita Norstrand, ergoterapeut  
Magni Håvardstun, fysioterapeut