Del 4

Grep og Skriving

Innleiing   

DEL 1
Sansane
 - Pimære

 - Sekundære
Trongen for Rørsle
Leik og Aktivitet
Sansemotorisk leik
Motorisk usikre barn
Automatisering

DEL 2
Praktiske øvingar i forhold til aktivitetar i:
- klasserommet
- gymsalen
- nærmiljøet

DEL 3
Stabilitet
Praktiske øvingar til bedring av stabilitet

DEL 4
Finmotorikk:

Grep og skriving
Blyant og grep
Auge / hand koordinasjon
Praktiske øvingar for å få eit lett og ledig skrivegrep
Valg av skrivehand

DEL 5
Sittestilling - stol - pult

DEL 6
Skulesekk:
Løfteteknikk
Krav til god skulesekk


Litteraturtilvising



Grunnleggande for godt grep og skriving er generell grovmotorisk modning og at stabilitet og rørsle i skulder, arm og hand er tilstades.

Handgrepet utviklar seg såleis trinn for trinn. I rekkefylgje som:

1) -kjennskap og namn til arm,hand og fingre

2) -taktil og kinestetisk persepsjon

3) -motorikk, -eks. rørsler vi kan gjere med skulder, arm, hand og fingre.

Ein del barn rundt 7 år har idag ikkje tilstrekkeleg utvikla handmotorikk til å utføre den kompliserte skriveteknikken lett og naturleg.Det vil sei at ein kan forvente at handmotorikk og grep til 6 åringane som no startar på skulen, vil vere endå meir umoden.

Dette kan ein sjå ved: -krampaktig grep

-"rare" måter å holde blyanten på

-rørsle både i skulder, alboge, -ikkje kun isolert til handledd

-blir fort sliten av å skrive

-medrørsle -feks. i ansikt, motsatt arm-hand

 

Skal ein oppnå god muskel og stillingssans i skulder, arm og hand bør barnet:

-kjenne til og kunne namngje delane til kroppen

-kjenne til spenning / avspenning

-kor berører ein utan hjelp av synet

-vite/ kjenne forskjel på høgre/ venstre på seg sjølv, papir ,tavle etc.

-kunne namnet til fingrane, benemne ein fing utan å måtte namngje alle for å komme til den

riktige

-bruke fingrane til å kjenne med (taktil sans)

-kunne sei noko om stillinga til arm,hand og fingre (kinestestisk percepsjon),

om dei er bøygd, strekt, vridd, ut, inn, utan hjelp av synet

-kunne bevege tommelen ut/ inn, -føre den mot likkjefingerrota, -strekke den godt ut

 

Tommelopposisjon- er ein forutsetning for at ein kan holde/ gripe skriveredskap og anna redskap, samt utføre ADL- aktivitetar som feks. av / påkledning på ein hensiktsmessig måte.

Viktig er det og å ha god bakoverbøying i handleddet, då dette gir eit naturleg og sterkt grep.

Auge /hand koordinasjon

Som spedbarn bruker vi først og fremst synet. Etterkvart kjem motorikken til.

Når motorikken vert automatisert avtar rolla til synet, det går over til å virke meir kontrollerande.

Evne til koordinasjon er medfødt, men vidare utvikling skjer ved centralnervesystemet si modning og blir støtta av bl.a. stilling og muskelsans, berøringssans og syn, samt ved erfaring. Det vil sei at ein lærer seg å avpasse styrken ein treng etter vekta på gjenstanden.

For å lære å skrive og lese må auge / hand koordinasjon vere så utvikla at skriftteikna kan formast korrekt, leseleg og etterkvart hurtigare. Dvs. at barnet brukar energien sin på å få til skriftteikna, ikkje til å sjå korleis ein held blyanten, til å kjenne etter kor hardt blyanten må holdast osv.

I tillegg må ein ha handdominans, velutvikla handmotorikk samt kunne skille høgre / venstre.

 

Godt grep og god skriveteknikk har ein oppnådd når ein klarer å isolere skriverørslene til handledd og fingrar. Ein fører då blyanten lett, ledig og korrekt i alle retningar, -opp/ned, høgre/ venstre og begge vegar rundt. Skulder og overarm er då avslappa. Blyanten blir holdt så laust at ein uventa kan ta den ut av handa utan vanskar. Grunnleggande stabilitet og rørsle er no tilstades.

Løkkeskrift som skrifttype, meiner vi er den beste måten å ivareta desse nemte rørslene i skriveteknikken på.

 

Grepet si utvikling må kontinuerleg observerast, om stabilitet i skulder og arm er oppnådd og om handledd og fingre kan utføre skriverørsla isolert.

Skrivegrepet må så lærast. Vis barna korleis ein held blyanten riktig. Dette må trenast på kvar dag i ca. 3 mndr. Etter den tid eit par goner pr. veke til alle kan det. Grepet blir då automatisert og energien kan frigjerast til å lære andre ting.

Dette er ei god øving på godt grep og god skriveteknikk

Syng og teikn samtidig det omskrevne korset.

Melodi: Hermann er ein lystig fyr.

"Opp og ned og ned og opp

Det blir fine streker

Ut og inn og inn og ut

Med min strek jeg leker

Siden går det rundt i ring-

Rundt og rundt som ingenting

Se, hvor hånden hviler, rolig mens jeg skriver".

 

BLYANT OG GREP

Blyanten bør vere 6 kanta, OBS! 6 like kantar!!!

Dei tre skrivefingrane, tommel, peikefinger og langfinger skal halde om blyanten, slik at der blir ei side til kvar og ei tom side imellom

Fingrane skal sitte nesten like høgt på blyanten, ca. 1 cm over den spissa delen, ca.2 ½ cm frå papiret

Blyanten skal vere spiss


Tenk på blyhardhet, dess hardare bly, dess tyngre

Blyanten skal kvile på sida av langfingeren sin ytterste knokkelstykke

Kun spissane av fingrane berører blyanten (sansecellene for berøring sit tettast på fingertuppane)

 

Ring og likkjefinger skal ligge slapt på bordet ved sida av kvarandre

Ved skriving støtter ein seg på venstre arm. Høgre skal kunne bevegast ved skriving

( omvendt ved skriving med venste hand)

Dei tre skrivefingrane skal holde så laust om blyanten at du uventa kan trekkje blyanten ut av hånda under skriving/ teikning

Handleddet skal ikkje løftast under skrivinga. 2/3 av underarmen bør ligge som støtte på bordet for å få eit fast utgangspunkt for handa sine rørsler.

Papiret støttast og styrast med venstre handa ved skriving med høgre hand og omvendt ved venstrehandsskriving.

Avstanden mellom papiret og augene skal vere ca.30-35 cm.

 

Støtter barnet haka i den ikkje skrivande hånda, er dette oftast eit teikn på trøttleik i ryggmusklane etter lang tid sittestilling. Men det kan og vere ei hjelp til å fiksere auge og hovud.

 

KORLEIS FÅ EIT LETT OG LEDIG SKRIVEGREP

Øvingar for skulder, arm og hand:

-trekk skuldrane høgt opp, slepp dei ned

-rekk armane strakt fram, drei dei innover/ utover

-rekk begge armer strakt fram ca.5cm over bordet, sprik m/ fingrane, la dei falle slapt ned på

bordet

-hold bøygde albogar tett inn til kroppens sider. Vri underarmane og hendene langsomt ut/ inn

-krype på fire med tyngde over hendene som peikar fram og fingrane er lett spredte og nesten

strakte (bakoverbøying i handleddet.)

Bruk tavla eller store ark limt opp på veggen. La barna teikne/ skrive med store tjukke tusjar, blyantar, penslar, vassfargar, fingermaling etc. Dei får då bruke heile armen og styrker både skulder ,arm og hand.

Parallelt kan dei i feks. sløyd, forming, o-fag o.a. få bruke hammar, sag og andre ulike

redskaper, sy på grovt stoff feks. langstingsbilete, tvinne snorer, fingerhekling.

Plastilina, trolldeig er og ypperlege handtreningsredskaper.

Uteleikar som å hoppe tau og bamsetau, klatre/ henge i trær, ulike ballspel med ballar i ulike storleikar.

Alt dette gjer til at ein får bruke heile armen og styrker skulder- arm -hand, stabiliteten og rørslene blir betre.

Etterkvart som motorikken i arm, hand vert meir moden, vil barnet av seg sjølv starte med tynnare redskap og skrive, teikne mindre. Obs! Det er betre å ha tjukt redskap for lenge enn for kort tid.

 

Like viktig er det å gjere fingerøvelsar:

Kva slags rørsler kan vi gjere med fingrane våre?

-bøye og strekke, sprike og samle dei, kor lang kan du få avstanden mellom tommel og likkjefinger, mål for moroskuld

-tommeltott besøkjer likkjefinger, strekk den ut til sida (tommelopposisjon)

-tommeltott føres til kvar fingertupp

-lag ein runding mellom tommel og peikefinger. Strekk fingrane slik at holet forandrer seg til ein lang smal åpning, gjenta fleire gonger. Lag og bruk spåhatt, då får ein denne rørsla.

-legg langfingeren over peikefingeren, ringfing over langfing, likkjefing over ringfing og hold

-bank med den eine peikefingeren i pulten samtidig som peikefingeren på den andre handa glir fram og tilbake

-press fingrane mot kvarandre eller mot bordplata

-teikn og fargelegg eigne hender, dekorer, klipp dei ut og lag bilete av hender

-tre perler i ulik storleik på ei snor

-tvinn snorer og leik med samanbundne band, åleine eller parvis, lag kråkefot, himmelstigen , eifeltårnet etc.

-ta små papirbitar og krøll dei sman. Skyt dei vekk med peikefinger og tommel, langemann og tommel, plukk dei opp.

 

VALG AV SKRIVEHAND

Elevar som ved skulestart endå er usikre ved valg av skrivehand kan representere eit problem. Usikkert valg vil kunne forvirre barnet og gjere innlæringa vanskelegare, då hjernen må kode inn to ulike system samtidig. Handdominans kan henge saman med hemisfære spesialisering for språket, -kan difor ha betydning for barnet sitt språkutvikling.

Handdominansen bør difor vere avklara før skulestart.

KORLEIS

Observer i ulike aktivitetar, skriv ned kva hand som naturleg blir brukt.

- sjå om barnet kryssar midtlina eks. tar med høgre handa viskelæret som ligg til venstre på pulten

-kryssing til motsatt side er teikn på hemisfære organisering

-kva hand brukar ein når ein pussar tennene

-kva hand plukkar ein opp frå golvet med

-vaske tavla med

-til å ta krit med

-teikn ein vassrett strek over tavla, kva side startar ein

-male med to penslar

-spele med to trommestikker

 

*unngå klipping då barnet kan ha vore "tvinga" til å bruke høgrehandssaks og har lært seg dette.

Samarbeid med barnet og foreldre er viktig for å få den informasjonen/ innsikta ein treng.

Høgrehendt - utan å nøle brukar høgre handa til / i aktivitetar

Venstrehendt - utan å nøle brukar venstre handa til / i aktivitetar

 

VENSTREHENDTE

Papiret dreiast ca.45° i forhold til bordkanten, slik at øverste venstre hjørne er øverst.

Handa held ein nedafor lina heile tida. Dette er viktig for å få ein avslappa skriveteknikk og for å unngå at ein drar feks. blekket utover.

Under skriving blir handa trekt skrått nedover lina, då unngår ein å skubbe blyanten, noko som er tungt.

Rørsla blir elles omvendt av høgrehendte. Handleddet startar med ein lett bakoverbøying, som blir retta opp bortover lina. Fingrane byrjar og med lett bøy, for så å strekkast bortover lina.

( Enkelte gonger kan ein sjå at skrifta steiler)

Barnet må lære å legge papiret i samme vinkel kvar gong det skal skrive.